|
Aktiviteten på Bedehuset i Vikebygd (Sjå også oppslag på bedehuset og butikken).
Oversikt over planlagde møter legg vi ut her.
|
|
|
21. mars |
Gudsteneste klokka 11:00 |
|
26. mars |
Bedehusbasar og årsmøte kl. 19:00 |
|
27. mars |
Laurdagsklubb kl. 15:30 |
|
8. april |
Gladsong kl. 19:30 |
|
9. april |
TrippTrapp (0-6 år) kl 11:00. |
|
10. april
10. april
29. april |
Grautsal på bedehuset kl. 12:00 - 14:00
Laurdagsklubb kl. 15:30
Møte med G.Kallevåg, Indre sjø. |
|
- - - - |
-
- - - |
|
|
NYTT TAK
Våren 2008 vart det naudsynt å skifta taket på bedehuset. Dette vart gjrot med innsamla midlar og mykje dugnad frå bedehusvener.



Søndagsskulen er blitt laurdagsklubb For alle born frå og med 4 år. - For Laurdagsklubben - klikk her for å sjå eigen plan

Laurdagsklubben på bedehuset |
|
2. kvar laurdag kl. 15:30 - 17:00 for born frå 4 - 10 år.
Leiarar / informasjon: Kjersti H. Bjerga Tlf 53 76 72 92 Lene Liodden og Steinar Skartland |
|
|
|
Tripp-Trapp
Born 0 ? 6 år vert inviterte til bedehuset kl. 11:00 ein fredag kvar månad, saman med mor eller far. |
|
|
|
Styre for bedehuset
I styret set desse: Leiar: Jens Tveit, Kasserar Brita Laugaland, Torbjørg Skogen, Georg Barane, Berit Ryvik Skartland og Sigrun Alne.
---------------------------------------------------------------------------------- GLADSONG KVELDAR. I 2007 og 2008 var det aukande interesse for samlingar med mykje song, og ein tok til med GLADSONG - samvær med mykje god kristen song, forkynning og sosialt samvær med måltid. Dette har vore svært populært og noko ein vil halda fram med. Erfaringane frå gode samvær saman med Bjoa har også gjort at ein har teke opp att tråden og arrangert fellesmøter der bygdane inivterer kvarandre. Svært mange finn då vegen til nabobygda.
SJÅ OPPSLAG OM DATOAR OG TIDER. (Vert også lagt ut her på internett)
---------------------------------------------------------------------------------- Meir om temakveldane: Det starta med Alpha-kurs i 4 år med god oppslutnad frå Bjoa og Vikebygd i lag. Det 5. året var det interesse for å gjera noko anna. Bjoa ville ha sine eigne møte på bedehuset og Vikebygd valde å satsa på temakveldar på bedehuset i 2004 og 2005. I 2006 vart det ein variasjon mellom Glad song-kveldar, Temakveldar og andre møtesamvær. Dette vil og halda fram i 2007.
Temakveldane tek til klokka 19.00, og er lagd opp noko lunde på sane mal som Alpha kursa var. Dvs.: Måltid, sang, tale, gruppesamtale. Ein legg vin på godt sosialt samkvem med eit måltid i lag, undervisning/tale og deretter høve til å samtala om det ein har fått høyra.
Vi vonar mange vil bli med, og viser til oppslag på butikk og bedehus. Eller du kan ta ein telefon til Jens Tveit 53769171 for å få vita meir om tid og opplegg.
---------------------------------------------------------------------------------- Litt om korleis det var på ALPHA kveldane i 2000-2004:
Alpha har for mange vorte eit sosialt fellesskap der dei trivest. Det har vore eit fint samlingspunkt der 30-40 vaksne frå Bjoa og Vikebygd fant saman til fine kveldar kvar 14. dag. Alpha-kurset var for alle som vil vita meir om Bibelen. Nå vonar vi på god oppslutnad om temakveldar og gladson kveldar som vil bli vidare framover. Sjå oppslag. Det er ope for alle !!
 Velkommen til møter på bedehuset.
|