![]() | ![]() |
7. Musikkliv
|
|
![]() |
![]() |
Bygda har god aktivitet med Musikkkorps, barnekor, musikkskule og konsertar m.a. i kyrkja.
Dessverre Har eg ikkje hatt tid til å oppdatera denne sida om Likevel vil du finna reportasje frå mange ulike musikkarrangement i
______________________________________________ Jubileumskonsert i kyrkja I alt var 70 personar samla til konserten på fredagskvelden. På laurdagen var alle fire åringane der, og så på søndagen var det stor familiegudsteneste og markering av 70-årsdagne både for kyrkja og for dei som var 70 år i 2007.
______________________________________________ Flott konsert i Vikebygd Kyrkje ved Kristina Flatebø,søndag 13. mai 2007
______________________________________________ Barnekoret "Munakoret", som Lene Liodden driv, ----------------------------------------------------------
Den 2. februar 2007 hadde kantor og sokneråd invitert til konsert i Vikebygd Kyrkje. Den dyktige og kjende organisten Stephen Sirris var invitert til å spela i denne vakre murkyrkja. Det vart barokk konsert av høg klasse med Stephen Sirris. Han har tidlegare hatt konsert i kyrkja 21. sept. 2002. Les meir om Barokk musikk på Wikipedia.
Han har også dreve konsertverksemd over store deler av landet og i utlandet. Omlag 20 personar møtte fram for å høyra denne røynde musikaren. Dei vart imponerte over kor mykje han klarte å trylla ut av dette vakre orgelet i Vikebygd. På programmet stod:
I Vikebygd kan vi gle oss over eit breitt spekter av musikkaktivitetar. I bygda vår set vi ikkje på kvar vår tue, men deler musikkopplevingane med kvarandre. Slik har vi også i kyrkja fått nyta godt av dei gode kreftene i bygda innan musikklivet.
Tidlegare organist, Gunnar Inge Eide hadde mange konsertar, og så der han trekte inn andre kor og orkester i saman med lokale krefter og eigen musikk. Nå har vi fått ny kantor/organist: Natalia Medvedeva. Vikebygd kyrkjer er godt eigna til musikk og konsertar. Vi i soknerådet vonar det kan bli meir av dette i tida frametter. Nedanfor presenterer vi litt av det som har vore tidlegare. ______________________________________________ Vi har fått gle oss over musikkorpset, som deltok på 17.mai og julafta. Dei hadde konsert i mai saman med Karmsund Brass og barnekoret. Org. Gunnar Inge Eide hadde pasjonskonsert saman med Kari Vik Stuhaug og musikarar frå distriktet 15.mars. I juli arrangerte han jazzkonsert i kyrkja med Lasse Hjarmers orkester. 17. august hadde Kristina Flatebø konsert som avslutning på vikarteneste i sommar. Skjold songkor hadde konsert i november. Munakoret (leia av Lene Liodden) deltok med song i fleire gudstenester. Vi set stor pris på den innsats alle desse gjer for å gle bygda med musikk i kyrkja, og takkar for innsatsen dei gjer.
---------------------------------------------------------- Kyrkjeorgelet i Vikebygd: I kyrkja er også eit eldre orgel - som har gjort si tenesta, og som nå får stå som pensjonist og til minne om ei tid som var. Det gamle orgelet i kyrkja, bygd av Landrog i Haugesund, står framleis på sin gamle plass i tårnfoten. Det er spelbart, men i dårleg stand. Konserter:
Skule- og ungdomskorpset i Vikebygd. I fleire år var vi utan musikkorps. Etter fleire år med laber aktivitet klarte eldsjeler heldigvis å få korpse etablert igjen i 2001. Musikkorpset var i frå starten av og i mange år, for born og ungdomar som ville spela ulike blåseinstrument. Aktiviteten har vore vekslande, men år etter år stilte kopset opp med musikk i fleire samanhengar, og særleg på 17.mai, i toget. Men manglande rekruttering førte til at det til slutt vart lagt ned. Eit stort sakn i bygda, som til tider måtte nytta kassettspelar for å få musikk i 17-mai toget. Men nå er entusiasmen komen tilbake. Vaksne, tidlegare korpsmedlemer tok fram instrumenta igjen og sette i gang med å øva. Og hornmusikk vart det atter på nasjonaldagen, -frå ekte blåseinstrument og ikkje frå boks. På Julemessa som vart arrangert i november 2001 fekk dei visa fram spelekunstane sine, og dei fekk lovord av mange i bygda for dette. Vidare spela dei på julegudstenesta i kyrkja, og sjølvsagt på 17. mai. Både ved flaggheising i parken, ved kransenedlegging på minnestøtta, og i tog og fest denne dagen. Og så ....... ______________________________________________ 29. mai 2002 vart det kyrkjekonsert i Vikebygd kyrkje: Talet på frammøtte vitnar om at bygdefolket verkeleg set pris på at korpset har starta opp att her i bygda. Vi har fått høyra dei til jul og på nasjonaldagen vår, og nå med eigen kyrkjekonsert. Sjølv om det berre er eit halvt år sidan dei starta opp att, er det tydeleg at dei har med seg personar som har god røynsle frå dei instrumenta dei handterer. Eit variert program - som folket gav god applaus til for kvart eit nummer. Camilla Günter er ung, men har ei erfaren røyst som verkeleg kan bera fram stemninga i songane. Ho framførte fleire nummer, både til korpsmusikk og piano. Sigurd Siglevik framførte 2 nummer på tverrfløyte, til akompagnement av Arne Tveit på Piano. Det er tydeleg at her har vi ein ung gut som likar å spela - og allereie har fått god røynsle med musikk. Toppen på kransekaka var at vi fekk vitjing av Karmsund Brass frå Torvastad. Dei har medlemer frå Suland i sør til Vikebygd i aust. Korpset blei stifta i 1982 og har ca 30 medlemar frå 15 år og oppover. Eit svært rutinert korps som framførte ei lang rekkje musikkstykke, som både fekk føtene til publikum å trampa takten og applausen til å runga. Ein røynd solist i Karmsund Brass song musikk frå ABBA sin musical. Ei oppleving verd å få vera med på. Geir Rasmussen, var i fleire år dirigent for Vikebygd Skule- og Ungdomskorps. Han avslutta denne konserten med å dela ut blomar til solistane, og ikkje minst til Aud Jorunn Tordal, som har æra for at korpset har vakna til liv igjen. Siste tonen fekk likevel Karmsund Brass, som måtte trå til med eit ekstranummer (Brudemarsj) som dei hadde øvd inn på kort varsel. Til slutt kan vi berre få takka for at Vikebygd Skule- og Ungdomskorps tok ansvaret og oppgåva med å få til denne konserten. Ei oppleving av dei store i bygda vår. Seinare har det vorte mange innslag i kyrkja av korpset. Takk skal de ha.
|