Vikebygd Kyrkje
Tilbakeblikk
Kyrkjeåret 2011
Kyrkjeåret 2010
Kyrkjeåret 2009
Kyrkjeåret 2008
Blomstergudstenesta 5.6.
Lenker til meir info
Juletrefest på bedehuset
Litt frå kyrkjeåret 2007
70-års jubileum og konsert i kyrkja..
Bispevisitas mars 2007
1. Gudsteneste-lista
2. Tilsette i prestegjeldet
3. Soknerådet
4. Årsmeldinga
5. Laurdagsklubben
6. Tripp-Trapp
7. Musikkliv i Vikebygd
8. Bedehuset
9. Møter i Soknerådet
12. Kyrkjeorgelet og fargane

10. Send melding
11. Gjesteboka


Kyrkjekonsert med Kristina Flatebø -05

Musikkstudenten frå Ølen har vore organist-vikar i sommar. Onsdag 17. august avrunda ho organist tenesta med konsert i Vikebygd Kyrkje. Nær 50 frammøtte fekk høyra ein lovande organist som satsar på ei musikalsk framtid.

Vikebygd kyrkje med sin gode akustikk og sitt forholdsvis nye kyrkjeorgel er rekna for ei av våre beste kyrkjer for konsertar.  Kvart år er her ein del konsertar, men det kunne gjerne vore fleire.  Omlag 50 personar kom til kyrkja for å høyra Kristina Flatebø spela verker av Clerambault, Swelinck, Mendelssohn og J.S.Bach.

Dei vart ikkje skuffa.  Kristina meistra orgelet godt.  Mellom musikkstykka var det tekstlesing ved Bjørg Borgemyr.

Vi ynskjer henne lukke til vidare i studiar og eksamenar, og ynskjer henne attende til å spela meir for oss her i Vikebygd.

Takk for initiativet Kristina.  Vi gledde oss over tonane dine.