Sokneprest Johannes Nedrelid forretta gudstenesta i dei gamle ruinane av kyrkjemuren frå den gamle kyrkja som brann ned i desember 1930. Det gamle trøorgelet var henta frå Årvik Bedehus, og Arne Tveit spela til salmesongen der i parken. Etter ei veke med varierande ver og ein del regn dagleg, var det fantastisk å kunna sitja her i strålande solskinn, delta i songen og lytta til forkynninga av Guds ord.
Før gudstenesta vart det ringd inn på klokkene i kyrkjetårnet. Men etter at gudstenesta var over, vart dei 9 slaga slegne på ei primitiv "klokke" som var laga til for dagen, der i parken. Offeret som vart teke opp til Institutt for Kristen Oppseding var på kr 1986,-, som vil verta sendt vidara til deira arbeid.
Rett etter gudstenesta vart det kyrkjekaffi med kaker, saft, te og kaffi på plenen. Folk fekk prata og kosa seg saman til dei reiste, kvar til sitt.
Takk for ein ein fin dag til alle som deltok.

|