Vikebygd Kyrkje
Tilbakeblikk
Kyrkjeåret 2011
Kyrkjeåret 2010
Kyrkjeåret 2009
Kyrkjeåret 2008
Blomstergudstenesta 5.6.
Lenker til meir info
Juletrefest på bedehuset
Litt frå kyrkjeåret 2007
70-års jubileum og konsert i kyrkja..
Bispevisitas mars 2007
1. Gudsteneste-lista
2. Tilsette i prestegjeldet
3. Soknerådet
4. Årsmeldinga
5. Laurdagsklubben
6. Tripp-Trapp
7. Musikkliv i Vikebygd
8. Bedehuset
9. Møter i Soknerådet
12. Kyrkjeorgelet og fargane

10. Send melding
11. Gjesteboka


Dugnad ved kyrkja - pymting til fest 05.

3. mai var det dugnad for å gjera uteareala ved kyrkja klar til konfirmasjonen. Luking og planting stod på arbeidsplanen.

Det regna godt første halvtidmen, men så roa regnet seg, og det vart betre ver.  Dei 3 som møtte opp på dugnaden i regnet hadde hendene fulle med luking i blomsterbed, fjerning av gras og mose i singelgangane og planting av blomar. 

Det er mykje som skulle vore gjort, men dei tre som møtte fram måtte erkjenna at dei nådde ikkje over alt denne kvelden. Så vi prøver igjen ein annan kveld, før 17. mai.

 

Kyrkjegarden i Vikebygd er velsteld og fin.  Kommunens folk steller vel med den. 
Men vi må få gje ros til alle pårørande som steller graver.  Blomar var planta og gjorde kyrkjegarden og kyrkja vakrare der den ligg med graver på tre kanter.  Tullipanar og vakre blomar pryda gravene og minna etter dei som gjekk bort.

Takk til alle som tek ansvar for gravstaden.