Det er kjekt at ungdomane våre i Vikebygd vel å la seg konfirmera i kyrkja. I år vert dette på Kristi Himmelfartsdag, torsdag den 5. mai.
Førebuinga har vore undervisningstimar med sokneprest Jiohannes Nedrelid og kyrkjelydspedagog Britt Karstensen gjennom heile vinteren. I tillegg har dei fått delta i gruppesamlingar i heimen til Arne og Britt Nelly Tveit i Tonjen. Her har dei trivst godt, seier dei sjølve.
Så vart denne førebuings- og opplæringstida avslutta med samtalegudsteneste og fest på bedehuset søndag den 17. april, om kvelden. Prost Arne O. Øystese deltok både i festen og på gudstenesta, der konfirmantane les ei rekkje buibeltekstar, tende ljos og framførde / dramatiserte teksten.
Omlag 60 personar samlast etterpå på bedehuset til eit måltid, songar, leik og talar. Soknerådsleiaren ynskte konfirmantane alt godt for konfirmasjonsdagen og framtida, og overrekte dei kvar si rose.
Sjølvsagt måtte alle dei som har delteke i undervisninga og samlingane i elden med ei helsing eller tale, før prost Øystese avslutta kvelden med andakt.

-- |