Vikebygd Kyrkje
Tilbakeblikk
Kyrkjeåret 2011
Kyrkjeåret 2010
Kyrkjeåret 2009
Kyrkjeåret 2008
Blomstergudstenesta 5.6.
Lenker til meir info
Juletrefest på bedehuset
Litt frå kyrkjeåret 2007
70-års jubileum og konsert i kyrkja..
Bispevisitas mars 2007
1. Gudsteneste-lista
2. Tilsette i prestegjeldet
3. Soknerådet
4. Årsmeldinga
5. Laurdagsklubben
6. Tripp-Trapp
7. Musikkliv i Vikebygd
8. Bedehuset
9. Møter i Soknerådet
12. Kyrkjeorgelet og fargane

10. Send melding
11. Gjesteboka


Pasjonskonsert i Vikebygd 15. mars 2005

Kantor Gunnar Inge Eide fekk også i år lagt ein flott Pasjonskonsert til kyrkja i Vikebygd. Kari Vik Stuhaug las påskeevangeliet og musikarar frå distriktet spela og song mellom lesingane.

Omlag 34 personar var samla i kyrkja.  Dette inkluderte då musikkarane under leiing av Gunnar Inge Eide.  Vår kjære organist som nå snart skal reisa frå kommunen og attende til heimplassen sin.  Vi er takksame, ikkje berre for denne konserten, men for dei mange flotte konsertar, musikkandaktar og liknande han har fått til i kyrkjene våre.

Kari Vik Stuhaug er ein dyktig opplesar og fekk teksten i påskefortelgjinga levande fram for dei som var med.  Kombinasjonen av musikk av flyte, horn og Chembalo, kombinert med kyrkjeorgelet, ga ei flott stemning i kyrkja.  Arrangementet ga oss ei fin stund med påminning om Jesu liding for alle menneska for omlag 2000 år sidan. 

Vi vonar at mange kjem i hug dette i påskedagane og brukar litt av påsketida til å kopla til Han som ga alt for at vi skulle få fred.  -Og ved hans sår har vi fått lækjedom.

God påske.

----------------
Steinar Skartland