Vikebygd Kyrkje
Tilbakeblikk
Kyrkjeåret 2011
Kyrkjeåret 2010
Kyrkjeåret 2009
Kyrkjeåret 2008
Blomstergudstenesta 5.6.
Lenker til meir info
Juletrefest på bedehuset
Litt frå kyrkjeåret 2007
70-års jubileum og konsert i kyrkja..
Bispevisitas mars 2007
1. Gudsteneste-lista
2. Tilsette i prestegjeldet
3. Soknerådet
4. Årsmeldinga
5. Laurdagsklubben
6. Tripp-Trapp
7. Musikkliv i Vikebygd
8. Bedehuset
9. Møter i Soknerådet
12. Kyrkjeorgelet og fargane

10. Send melding
11. Gjesteboka


Påske og Basar 04.

Fredag før påske var det basar på Vikebygd Bedehus, og Skjærtorsdag samla 80 store og små seg til basar på Årvik bedehus.

Det har etter kvart vorte ein tradisjon med å ha basar på Årvik bedehus Skjærtorsdag.  I år var det Odd Gjerde frå Bjoa som deltok med forkynning frå Guds ord, om Jesus som vart vår frelsar gjennom si gjerning i påsken for når 2000 år sidan.

Dei som kom og deltok var frå heile Vikebygd, og mange var slike som var "heime på ferie" i påsken.  Dei har funne at det gamle bedehuset i Årvik er ein kjekk stzd å samlast for å treffa andre bygdefolk, og få med seg påskebodskapen, salmesong og god kakemat med kaffi attåt. 

Odd Gjerde peika også på  kor fantastisk det var å sjå så mange (omlag 80) som ville vera med på Bedehusbasaren her.  Vi trur, på bakgrunn av tilbakemeldingar, at dei hadde det kjekt i benkene.  Så var det også kjekt, tenkjer eg, å fitja med spaning og venta: Er det mitt numme som blir trekt ut nå?  Omlag 95 gevinstar var det kome inn i Årvik.  Noko var kjøpt og mykje var gjeve.  Nokre hadde fleire ting med seg heim, nokre 1 ting, og andre ingen gevinst.  Men kjekt er det å koma saman.  Og fint er det at sentrum av samværet kan vera Guds Ord, der vi kan minna kvarandre på kvifor vi feirar påske.  Som ei lita jente sa det i salen: "Det er Jesus som har fødselsdag."  I grunnen er det litt rett.  Vi minnest og feirar at Jesus døydde og stod opp at.  Vi feirar at Jesus lever - og vi har fått del i frelsa ved Han.  Takk Jesus - for at du valde dette, og ikkje tok den lette vegen, men den einaste vetgen som kunne frelsa oss menneske. 

For så høgt elska Gud verda, at Han ga sonen sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

God påske vidare.