Vikebygd Kyrkje
Tilbakeblikk
Kyrkjeåret 2011
Kyrkjeåret 2010
Kyrkjeåret 2009
Kyrkjeåret 2008
Blomstergudstenesta 5.6.
Lenker til meir info
Juletrefest på bedehuset
Litt frå kyrkjeåret 2007
70-års jubileum og konsert i kyrkja..
Bispevisitas mars 2007
1. Gudsteneste-lista
2. Tilsette i prestegjeldet
3. Soknerådet
4. Årsmeldinga
5. Laurdagsklubben
6. Tripp-Trapp
7. Musikkliv i Vikebygd
8. Bedehuset
9. Møter i Soknerådet
12. Kyrkjeorgelet og fargane

10. Send melding
11. Gjesteboka


O-løp og Gudsteneste på Vikestølen 04

Søndag 4. april 2004 (Palmesøndag) Hadde Vikebygd Sokneråd og Bjoa O-gruppe gått saman om felles arrangement på Vikestølen. Grått vær gjorde ikkje noko på humøret, og frammøtet var godt.

Vikebygd Sokneråd hadde på førahand sett opp friluftsgudsteneste på Vikestølen denne søndagen, noko som det har vore tradisjon for i fleire år nå.  Bjoa O-gruppe tok initiativ til å føreslå at ein her kunne gå saman om felles arrangement, då dei hadde planlagd opning av sessongen for turorientering, med famiearrangement på Vikestølen. 

50 store og små stilte opp, men friluftsgudstenesta måtte flytta inn i hytta, då sola var skift ut med regndråpar denne dagen.  Jens Tveit leia gudstenesta og forkynte om Jesus som vart hylla som konge då han kom ridande på ein eselfole.  Folk strøymde til for å sjå han som hadde vekt opp Lasarus frå døden. Dei vinka med palmegreiner og song:  "Hosianna, velsigna vere han som kjem i Herrens navn.  Hosianna i det høge."  "Det er Jesus som er komen.  Han som kan vekkja opp døde.  Kanskje han er Messias, Frelsaren?"

Men ikkje alle hylla han.  Nokre kjende seg truga av at folk vende seg bort frå den ytre religiøsitet og til å hylla Frelsaren Jesus.  Dei la planar om å få han fjerna.  "Kanskje vi kan få han drepen?  Kanskje vi skal få Lasarus drepen også? -så folk sluttar å tru."  Ikkje mange dagane etterpå gjekk han mot Golgata for å verta krossfesta mellom 2 røvarar.  Den eine spotta, mens den andre bad om ein tanke.  Og Jesus svara med at: "I dag skal du vera med meg til Paradis."  Same lovnaden er også til alle dei andre som erkjenner si synd og vender seg til Herren med bøn om ein tanke.  Påska startar for oss på Palmesøndag, men den store dagen er likevel 1. påskedag - då vi skal feira at Jesus sigra over død og synd. 

Salmesongen lydde høgt å klårt frå dei som hadde møtt fram.  Det var ikkje kyrkjeorgel denne dagen, men Steinar Skartland spela gitar til songane.  Det vart teke opp offer til Indremisjonssamskipnaden.  Kr 915,- var samla inn. 

Etter at siste songen var sungen kom det fram kaffi og kaker på borda.  Store og små kosa seg saman i hytta.  Kjekt med tur til Vikestølen.

Kvart over eitt starta turorienteringa.  6 postar var lagt ut i området rundt hytta.  På den eine posten var det til og med ein skatt.  Ein stor boks med "påskesnop" var gøymd der, og den første som kom til posten skulle få vinna heile skatten.  Dette minner om påskebodskapen, der dei også gjekk og leita etter skatten første påskedag om morgonen.  Dei fann ei open grav.  Jesus var stått opp!  Men alle dei som leitar etter han - ja, kvar den som påkallar Herrens navn, skal bli frelst, seier Bibelen.  Ikkje berre den første som finn han, men alle dei som ber om hans nåde.  La oss også ha dette med oss i tankane når vi nå skal ha nokre fine fridagar, og feira påske. 

God påske.