11. desember hadde organisten vår, Gunnar Inge Eide, stelt i stand konsert der musikkskulen deltok. Dette vart også som ein juleavslutning for musikkskuleelevane. mange ville høyra kor flinke dei var til å spela.
Så vart det Ljosmesse på søndag den 14. desember, om kvelden. Speidarane i Vikebygd var sjølvsagt sentrale i arrangementet. Dei er mange, omlag 70 med store og små. Gudstenesta tok til med at dei toga inn med flaggborg. Under Gudstenesta stod dei framme og heldt flagga, mens fleire av speidarane deltok med opplesing.
I denne gudstenesta var vi så heldige å ha med oss 2 prestar. Sjølv om soknepresten vår, Johannes Nedrelid forretta Gudstenesta, så hadde vi vitjing av misjonskonsulenten frå Stavanger Bispedømme kontor, Kjell Børge Tjemsland, som også er prest. Han var tilstades i samband med at kyrkjelyden skreiv avtale om misjonsprosjekt. Soknerådet hadde vald ut "Nytt kyrkjebygg i Ngaoundere i Kamerun. Her skal kyrkjelyden vår få vera med og samla inn pengar i 3 år framover, slik at det nye kyrkjebygget kan verta reist.
Så kom vi til Juleafta. Som vanleg var det gudsteneste klokka 16:00. Musikkorpset deltok med mange nummer. Det varmde og gleda oss mykje. I tillegg var også aspirantane med og fekk framføra eit par nummer. Etter kvart vil nok desse komma til å verta like røynde som dei vaksne som har spela i mange år, og som gler oss gong på gong med vakker musikk. Takk til Geir Rasmussen og dei andre i korpset for musikk som varmer.
Det vart også gudsteneste den 2. juledag. Ikkje så mange då, men i sum var dette ei julehøgtid med svært godt frammøte i Vikebygd kyrkje.
Så ynskjer vi i soknerådet alle i Vikebygd: Godt Nytt År.
. |