 Speidartivoliet er etter kvart ein tradisjon. Her steller dei i stand ymse aktivitetar for store og små. Ringkasting på slikkepinnar, balansering på ein glatt stokk, spykassen osv. Ulv og Meis song ein fin song i samband med andakten. Og så er det sjølvsagt sal av kaffi, kaker og pølser. 2 store grillar og mange grillspyd gjorde at alle fekk grilla ei pølse og to (eller mange?).
Spesiell aktivitet er byggjing av tårn med mjølkekassar. Maks var 15 kassar oppå kvarandre.Dette skulle bli ein 6 - 7 meter opp i lufta. Heldigvis var byggjaren sikra med tau, for bygginga varer heilt til byggmesteren dett ned.
Arrangemnette slutta av med sjøslag, speidarane gjekk 2 i kvar av dei 8 kanoane, og sette utpå sjøen. Målet i sjøslaget var å kvelva kanoen til kvarandre. Siste flytande kano vann. Sjå bildene nedanfor.
|