Vikebygd Kyrkje
Tilbakeblikk
Kyrkjeåret 2010
Kyrkjeåret 2009
Kyrkjeåret 2008
Blomstergudstenesta 5.6.
Lenker til meir info
Juletrefest på bedehuset
Litt frå kyrkjeåret 2007
70-års jubileum og konsert i kyrkja..
Bispevisitas mars 2007
Konsert med Stephen Sirris -07
1. Gudsteneste-lista
2. Tilsette i prestegjeldet
3. Soknerådet
4. Årsmeldinga
5. Laurdagsklubben
6. Tripp-Trapp
7. Musikkliv i Vikebygd
8. Bedehuset
9. Møter i Soknerådet
12. Kyrkjeorgelet og fargane

10. Send melding
11. Gjesteboka


Sjeldant fint Vikestølsmøte 6.juli 2003

Dei om lag 70 personane - med smått og stort - som valde Vikestølsmøte sundag 6. juli, fekk ei sjeldan fin oppleving. (Endre Heggen - Grannar)

(Stykket er henta frå Grannar, skreve av Endre Heggen).
Vikestølsmøtet søndag 6. juli 2003.

Johannes og Ida Bjørg Slåke kom frå Skånevik.Frå Rotvoll går så god ein veg gjennom skogen til Vikestølen, og frå Vikevik er det bygt veg for både traktorar og bil, men då må det vera 4-hjulstrekk opp dei brattaste kneikane. Denne dagen hadde tre bilar kome seg fram til Vikestølen med passasjerar som hadde vanskar med undersåttene sine.

Folket samlast ved minnetavla på stemnestaden der det var tale og song - ei minnetavla som helsar alle med at det var «Aar 1900 daa vennerne frå 5 sogne samledes til det første oppbyggelige stevnemøde paa Vikestølen»; altså for 103 år sidan.

Og samstundes med flaggheisinga, tona songen «Fold det gamle merke ut» over stemnestaden, det er blitt ein slags kjenningsmelodi.

Og her vart det mykje fin song, og her vart det tale - denne gongen ein prest sin tale - Harald Johnsen frå Stavanger, som var komen den lange vegen frå olje-byen for å oppleva Vikstølsmøte for første gong. Steinar Skartland helsa vel møtt og leia føremiddagsmøtet.

Presten Harald Johnsen var eit sympatisk møte. Han tala om kyrkjeåret - om innbydingstida - og omvendingstida. Og om menneska sin reaksjon på Guds aksjon. For Gud vil ha tak i alle menneska av di hans kjærleik til syndarar er så stor. For han har ansvar og kjærleik for oss, for at me skal verta frelste, sa presten. Han leitar etter oss, vil ha oss med til evig samvær i himmelen. Hans nåde er utan grenser, og alle treng vi Guds nåde, avslutta Harald Johnsen sin tale med.

Elles song presten fleire songar solo med tonefylgje av Steinar Skartland og Hans Asbjørn Aasbø. Fleire av dei frammøtte bar fram personlege vitnemål. Hans Asbjørn Aasbø minna til innleiing i ettermiddagsmøtet om at me alle må ta ansvar og få med oss andre, ei viktig oppgåve for oss, sa han.

Og møtesamværet vart avslutta med songen «Ingen er så trygg i fare som Guds lille barneskare».

Magne Sørhus frå Vats (90) er vel den som kan kallast veteran i Vikestølssamanheng. Han må truleg ha vore med på minst eit halvt hundre slike møte.

Men Ingeborg Svendsbøe frå Vikebygd (94) var nok den eldste på Vikestølen denne sundagen. Men for hennar vedkomande var det lenge sidan sist ho var med på dette møtet. Men ho mintes godt då ho som jentunge støla heime på stølen Guddal i Sunnfjord. Då gjekk ho kvar dag til støls (3 km) og mjølka i sommarhalvåret. Neste morgon gjekk ho heim att etter mjølking. ? Men det er lenge sidan nå, seier den spreke 94-åringen.

Ida Bjørg og Johannes Slåke kom heilt frå Skånevik. Dei hadde kjørt mopedbil til Vikevik. ? Me såg i Grannar om møtet og at det var høve å få følgja med bil til støls for dei som trong det. Tårene kom då eg såg om møtet, eg mintes så sterkt sist eg var der då eg var konfirmant for 50 år sidan. Ida Bjørg hadde sine tidlege ungdomsår i Vikebygd (Dommersnes). ? Dette var ei stor oppleving for meg, seier Ida Bjørg. Og så har eg så mykje å takka for.

Endre Heggen

(Ref.  Internett-Grannar)