Gudstenesta vart leia av Jens Tveit, som har oppgåva som "lek gudstenesteleiar" i Ølen prestegjeld. Til saman 35 hadde teke turen for å ta del i Gudstenesta og med dette innleia påskeveka i saman. Soknerådsleiarane i Bjoa og Vikebygd hadde saman avgjort at det skulle vera offer til Indremisjonssamskipnaden denne dagen. Klokkaren samla inn kr 886,- i ei plastbytte mellom dei frammøtte.
Nå er det ikkje kyrkjeorgel på Vikestølen. Dette løyste organist Gunnar Inge Eide fint med å ta med seg trekkbasun som han nytta til å spela til songane. Og songen tona klart og fint utover setervollen.
Det er nok vanleg at teksten for denne dagen er Jesu innreise i Jerusalem, med palmegreiner og Hosianna rop. Men ikkje i år. Jens Tveit henta preiketeksten frå Johannes evangelium, kapittel 12 og vers 1-11. Dette var det som skjedde 6 dager før inntoget i jerusalem. Då var Jesus i gjestebod i huset åt Lasarus, som Jesus tidlegare hadde vekt opp frå dei døde. Mange var komne for å vera med der, nokre også fordi dei ville sjå Lasarus som var oppvekt frå døden.
Jens Tveit fortalde så levande at ein mest kunne kjenna lukta frå Nardussalva som breidde seg i rommet der Jesus var. Det var Maria som tok så mykje som eit heilt pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og turka dei med håret sitt. Verdien av denne salva på den tida var omtrent som verdien av ein ny bil hjå oss i dag. Ei heil årsløn. Judas Iskariot var uroleg for dette: "Kvifor vart ikkje denne salva seld og pengane gjevne til dei fattige?" sa han. Bibelen seier at han sa dette, ikkje fordi han hadde omsut for dei fattige, men fordi han var ein tjuv. Han tok av den felles pengepungen dei hadde. Men Jesus sa: "Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen mn. Dei fattige har de alltid hjå dykk, men meg har de ikkje alltid."
Slik vart Jesus salva til tenesta der han ga livet sitt for alle menneska, slik at dei som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha eit evig liv.
|