![]() | ![]() |
Heftet om Vikestølen - på internett.
|
|
![]() |
![]() |
I mars 2003 vart det gjort eit arbeid med å få gjort det 40 siders (A4) heftet om Vikestølen tilgjengeleg på internett. Nå er det ferdig.
http://www.vikebygd.org/vs I byrjinga av 1900 talet (då møta starta opp) var det vanleg med fleire hundre deltakarar. ja, det blir sagt at det skal ha vore opp i 1000 deltakarar på det meste, Så minka det av utettet 70 talet, og på 80-talet var det heller lite deltaking. Men fram mot 100 årsjubileet og etter dette, har det teke seg kraftig opp. På dei siste møta har det delteke mellom 100 og 150 personar kvar gong. Folk set pris på å kunna møtast her i fjellet, med niste og godt humør. Så får dei sitja og høyra på Guds ord som vert forkynt, og delta i songen som tonar ut over fjellet. Det vart seld omlag 130 hefte. Men dei som ikkje fekk tak i eit hefte, kan nå lesa det her på internett. I tillegg er det tilgjengeleg for utlån i biblioteka i Ølen. Steinar Skartland, som har hatt hovudansvaret for å få til heftet og å leggja det ut å internett, tek gjerne i mot kopiar av andre avisutklipp, bilete eller anna skriftleg materiale som kan nyttast til å utfylla det som vi til nå har samla saman. Dei andre som var aktivt med for å få dette til var Endre Heggen og dei som sat i styret i jubileumsåret: Karl Johan Granberg, Magnus Sørhus, Knut Østrem og Ole Marton Granberg. Ei mannsdominert gruppe til nå - men kvinnene er flittige på Vikestølen, så det kan vel hende dei og kjem inn i styret etter kvart. I år 2002 - 2007 var styret samansett av: Steinar Skartland (leiar), Karl J. Granberg, Magnus Sørhus, Knut Østrem og Hans Asbjørn Aasbø. Somaren 2007 vart Lars Dalen vald inn som representant frå Ølen-Ølensvåg, og Karl J. Granberg vart frå då av varamann. Velkommen til Vikestølen og møtene der. |