|
Det var omlag 70 små og store som ville vera med på juletrefest. Tripp Trapp og Laurdagsklubben stod bak, med Kjersti Bjerga i spissen. På ein slik fest står sjølvsagt julebodskapen i sentrum. Lene Liodden fekk god hjelp av borna til å framføra forteljinga om Jesusbarnet som vart fødd og lagd i ei krybba. Nokre av borna fekk vera gjetarar, ein var Josef og ei Maria. Så kom englane og song og dansa for gjetarane på marka. |
 |
 |
I slutten av andakten fortalde Lene om då Josef og maria måtte reisa med Jesusbarnet til egypt. For då kom soldatar og leita etter den vesle guten som var fødd. To gutar hadde kledd seg ut som soldatar med sverd. Dei gjekk rundt og leita og spurde: -Kor er Jesus? Men heldigvis, soldatana fenn ikkje Jesus |
| Lene song både med borna og duett saman med systera si. Godt var det også å ha Lene og gitaren til å leia allsongen. |
 |
 |
På ein juletrefest skal det også vera mat. Påsmurde rundstykke og julebrødskiver med ost. Det smakte godt. Så vart der leiker for borna, loddsal og trekning av mange fine og spennande gevinstar, før festen slutta av med at alle gjekk rundt juletreet og song dei kjende gamle julesongane. |
| Det er noko spesielt med juletrefest. Det høyrer til i vår tradisjonelle julefeiring og frammøtet tydde på at familiane synes dette var kjekt. |
 |
 |
Så er det ikkje juletreet som står i sentrum, men Jesus som kom til jorda fordi han var så glad i oss alle. For så høgt elska Gud verda, at han ga sonen sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. |
| Takk til dei som stelde i stand og til dei som hjalp til med ulike oppgåver. Ikkje minst takk til alle dei som kom. Det gjer oss glade. |
|