70-års jubileum og konsert i kyrkja..

Jubileet vart markert med konsert den 19. og gudsteneste og hausttakkefest den 21. oktober. Her var born, ungdom, vaksne og eldre med på kvar sine måtar

.
Bilder frå Gudstenesta 21.oktober 07
70 års jubilantar blir markert Mange jubilantar var i kykja.  Olav Vikse inviterte fram dei som feira 70 år i år, tvilling-fireåringane som hadde fødselsdag i dag, og så song vi fødselsdags songen både for kyrkja og for jubilantane.
Alle som var fire år i år fekk barnebibelen. Utdeling av av barnebibelen til 4-åringane
Barnekoret song vakkert for oss Så kom Muna koret. Dei song så fint - og mange songar vart det.  Ein flott gjeng som Lene Liodden har med seg.

Etter ei flott gudsteneste der også borna fekk vera med i det som skjedde, så vart det kyrkjekafffi og saft bak i kyrkjerommet.  Folk vart sitjande og prata ei lang stund før dei drog heim frå kyrkja i dag.

Ei verdig 70 års feiring var det.

Kaker og kaffi/saft ibak i kyrkja

Konsert og Gudsteneste ved 70-års jubileet
Klikk for å sjå stort bilde 70 personar møtte i kyrkja for å vera med på konserten som markerte 70-års jubileet til Vikebygd kyrkje.  Vigsla 23. september 1937.
Vebjørn Mortveit var ein av dei tre elevane frå musikkskulen som deltok ved konserten.  Han spela gitar og song to songar.  Klikk for å sjå stort bilde av Vebjørn Mortveit
Klikk her for å sjå større bilde av Line Bjerga Line Hausberg Bjerga spela ein vakker melodi på piano.  Ho er elev ved musikkskulen.
Den treje eleven frå musikkskulen var Marie Mortveit som spela piano.  Alle elevane fekk god applaus for musikken.  Det er flott at vi kan få oppleva desse unge som så flittig har øvd på musikkstykke og ynskjer å læra seg å meistra eit instrument. Marie Mortveit på piano
Natalia Medvedeva Kantor, organist og musikkskulelærar Natalia Medvedeva spela fleire musikkstykke på kyrkjeorgelet.

Konserten vart dyktig og fint leia av
Brit Nelly Ness Tveit frå soknerådet.

Ho opna konserten med opplesing av dikt skreve av Birgit Veastad Helland frå Vikebygd.  Dette diktet var om kyrkja og var truleg skreve til vigslinga i 1937.  Ho song også solosongar til akompagnement av Arne Tveit på piano.

Brit Nelly Ness Tveit leia konserten.
Skule og ungdomskorpset Så vart konserten avslutta med fleire nummer av Skule- og Ungdomskorpset under leiing av Andreas Ulveraker.  Korpset har halde på namnet sitt, men som Andreas kommenterte så er det meir eit familiekorps, med deltakarar i alle aldrar. Ein ting er likevel sikkert.  Dei er utruleg dyktige og konserten vart ekstra flott med deira deltaking. 
Vi takkar alle som deltok, både musikkarar og tilhøyrarar.  Etter frammøtet var det tydeleg at dette sette folk pris på.  Konserten var gratis, men det vart høve til å gje ei gåva til kyrkjemusikalsk arbeid ved utgangen.  Her kom inn kr 1530,-, som vi takkar for.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vikebygd kyrkje  70 år

Den 23. september 1937 vart den vakre kyrkja i Vikebygd vigsla og teken i bruk. Etter det me kjenner til er dette den femte kyrkja i Vikebygd, og alle har stått i same området (to av dei ca. 50 m nærare sjøen).

Fyrste kyrkja er omtala i gamle skrifter, og den var truleg bygd på 1200-talet. Denne kyrkja vart nytta heilt til ny kom i 1682.  Den andre kyrkja var i bruk i nær 200 år, men i 1872 vart den avløyst av ny, den tredje i rekkja. Berre 54 år seinare slo lynet ned, og kyrkja med det meste av inventaret gjekk tapt.  Alt 2 år seinare, i 1928 stod den fjerde kyrkja ferdig til bruk. Det var ei nydeleg kyrkje bygd i stavkyrkjestil. Men 2 år seinare brann òg denne kyrkja, til stor sorg for bygdefolket.  På denne tida høyrde Vikebygd til Sveio  prestegjeld, og folket på vestsida av Ålfjorden hadde Vikebygd som kyrkjestad. Når det no skulle byggjast ny kyrkje i Vikebygd, ville folket på vestsida av fjorden ha si eiga kyrkje. Etter ein årelang strid enda det med at det vart bygt kyrkje både i Førde i Sveio, og i Vikebygd.

Same arkitekt (Alsaker) som teikna den fjerde kyrkja for bygda, var igjen engasjert, og 23. september 1937, vart ei ny vakker mur - kyrkje vigsla.  Denne kyrkja har særpreg, og må kunna kallast ei arkitektonisk perle. Folk som opplever kyrkja for første gong uttrykkjer glede og undring over dette vakre bygget. 70 år er ingen høg alder for ei kyrkje, men denne er så spesiell at riksantikvaren har lagt si ?vernande hand? om henne. Framme i koret er det stort glasmåleri som syner Jesus som velsignar borna. Det er laga av ein av dei fremste kunstnarane på dette området, i Norden,  Frøydis Hoversholm som har sine røter frå vestsida av Ålfjorden.
Fargane som er nytta i kyrkja er friske, og flott avsemde til kyrkjerommet og inventaret. Både på veggene ute er det utsmykkande detaljar i smijern, og inne er lysekruner og anna arbeid òg utført av kunstsmed Magnus Gunnarson, son til tidlegare sokneprest i prestegjeldet, Torstein Gunnarson.  Kyrkja fekk nytt godt orgel for ca 20 år sidan, og som eit av dei beste lokala  til konsertbruk, er ho ofte nytta i slike høve.

Det vert ikkje stor jubilering for kyrkja i år ? men om 5 år.  Likevel stansar me opp og i takksemd for denne vakre kyrkja, vert 70 år markert med konsert 19. oktober  og  gudsteneste 21. oktober.


Jens Tveit