Bispevisitas mars 2007

I dagane 21.-25. mars var det bispevisitas i Ølen, Bjoa og Vikebygd. Eit allsidig program synte biskop Ernst Baasland breidda i kyrkje og kulturliv i prestegjeldet. Torsdagen var "Storfamilien" samla i Vikebygd kyrkje til gudsteneste.

Det heile starta fleire veker på førehand med planlegging og "Førvisitas samling" i Ølen.  Men Biskop Ernst Baasland i Stavanger Bispedøme kom ikkje før den 21. mars. Då var det eit eige møte mellom kommune, næringsliv, politi, sosialetat og kyrkje for å setja fokus på "smeltedigelen Ølen."  Særleg var her drøfta den aukia bruken av narkotika mellom ungdom, men også dei mange innvandrar og gjestearbeidarar som vi har i distriktet her.  Korleis kan samfunn og kyrkje leggja til rette for dei?  Sentrumsprest kan vera eit av tiltaka.

Så var det storfamiliegudsteneste i Vikebygd torsdag kveld.  Her var barnekor, speidarar, musikkskule og konfirmantar trekt inn i ulike ledd av gudstenesta. Sjølvsagt var det så biskopen som skulle halda talen.  Etterpå var det mykje lovord å høyra frå møte lyden til denne gudstenesta.   Etter denne samlinga hadde biskopen møte med alle dei tre sokneråda på bedehuset i Vikebygd.  Her gjekk han gjennom dei inntrykk han hadde fått til nå, særleg med tanke på dei oppgåver sokneråda har ansvar for innan diakoni, trusopplæring, gudstenester m.m.

 

Fredag kvelden var det duka for kulturkveld i Ølen Samfunnshus.  Her var ei stor breidd av musikk og kulturliv i kommunen vist fram.  Lars Dalen, som leia kvelden, peika på at dette berre var eitt tverrrsnitt.  Det var så mykje meir ein kunne ha trekt fram - om det hadde vore tid.  Biskopen peika her på den store grad av frikvillighet og samarbeid som det er i kommunen, og alle di som stiller opp år etter år for å vera med og skapa noko.

Søndagen var sjølve Visitasgudstenesta.  Biskop Ernst Baasland ynskte at den skulle vera på Bjoa, den einaste kyrkja han ennå ikkje hadde vore i.  Her var lagt til rette eit stort og godt program med barnekor, solosang og musikkinnslag.  Biskopen tala frå teksten om Maria som var med barn og skulle føda Jesus. Om kor dei gledde seg. 

Dagen vart avslutta med kyrkjekaffi og visitasforedrag på Bjoa helsehus.  I foredraget gjekk biskopen gjennom alle dei inntrykk han hadde frå dagane i Ølen.  Dette var informasjon som var samle inn gjennom ulike kanalar, m.a. frå førvisitas samlinga og samtalar prost og biskop har hatt med tilsette, friviljuge medarbeidarar, kommune, næringsliv og andre. 

Dokumentet som utgjer føredraget vil nok bli lest og arbeida med i fleire samanhengar i tida framover. 

Så gjekk nokre heim, mens andre gjorde som eg, gjekk ein tur til fjels i den vakre vårdagen med sol og varme.