Vikebygd Kyrkje
Tilbakeblikk
Kyrkjeåret 2011
Kyrkjeåret 2010
Kyrkjeåret 2009
Kyrkjeåret 2008
Blomstergudstenesta 5.6.
Lenker til meir info
Juletrefest på bedehuset
Litt frå kyrkjeåret 2007
70-års jubileum og konsert i kyrkja..
Bispevisitas mars 2007
1. Gudsteneste-lista
2. Tilsette i prestegjeldet
3. Soknerådet
4. Årsmeldinga
5. Laurdagsklubben
6. Tripp-Trapp
7. Musikkliv i Vikebygd
8. Bedehuset
9. Møter i Soknerådet
12. Kyrkjeorgelet og fargane

10. Send melding
11. Gjesteboka


Litt frå kyrkjeåret 2006

Klypp frå ulike arrangement i kyrkjeåret er lagt inn her.

Hendingar frå 2006
Det årvisse Vikestølsmøtet vart halde
søndag 2. juli. Folk møtte fram frå
fleire bygder, 45 i alt.  Jørgen Landa
tala på det første møtet, og hadde
avslutninga i det siste møtet.  Sol og
fint ver gjorde at dagen vart ekstra flott.
Eldste deltakar var nok Magnus Sørhus. 
Denne dagen fekk vi også høyra i frå
ein annan Magnus Sørhus, tidlegare
Japan misjonær.

Fellesrådet for kyrkjene i Vindafjord på befaring i
Vikebygd kyrkje torsdag 27.04.06. 
(Stort bilde-
klikk her)
Gudsteneste markerte kommunesamanslåinga
Sjå bilder frå kommunesamanslåinga HER, på
Vindafjord Kommune sine sider.
Foto ved Peder Lundegård
Skjold kyrkje 8. januar 06. Kommunesamanslåing.

 

VIKEPUTTEN 29. april 2006,
nok eit vellukka arrangement som
fotballgruppa stod for.


Fasteaksjonen 4.april 2006:
Ny innsamlingsrekord i  Vikebygd.
Totalt innsamla ca 12000 kroner
(Derav over 10000 i bøssene).
Takk til konfirmantar og andre som gjekk med bøsser.
Klikk på bildet for å sjå stor versjon
Jubilantane utanfor kyrkja
Konfirmantjubileum for dei som vart konfirmerte i 1956. Åtte av dei tolv 50-års jubilantane møtte.  Først i Gudstenesta, så fekk dei vera med på kyrkjekaffi på kyrkjebakken, førturen gjekk opp til "Gamlatunet" der dei hadde middag og var i saman heilt til kvelds. Jubilantane melde attende: "Det blei ein vellukka dag."

Flott ljosmesse med levande speidarljos 17. desember.

Eit nytt kull som skal gå for presten

Konfirmant presentasjon

Søndag 27. august vart eit nytt kull med ungdomar presenterte for kyrkjelyden.  Fram gjennom haust, vinter og vår skal dei få læra meir om livet med Jesus og kva Han kan gje oss.  Lukke til med konfirmant-tida.  De er ein fin ungdomsflokk og bygda si framtid

Søndag 24. september fekk vi feira Hausttakkefest i kyrkja. 
Borna i barnekor og laurdagsklubb song mange fine songar for oss.  Det vart ei spesiell gudsteneste med både jubilantar, deltakande konfirmantar, pynting med frukt og grøde frå hausten, og med Harald Sirnes som vikarierande prest. Som ein ekstra spiss på dagen - fint og varmt ver med sol då vi hadde kyrkjekaffi ute ved kyrkja.      

    

 
Borna fekk gle oss med mykje fin song
Fullt hus på julefesten.

Lørdag 30. des. 2006 var det julefest på bedehuset i Vikebygd. Soknerådet inviterte Laurdagsklubben, TrippTrapp og Barnekoret til å vera med på å laga fest for alle som ville komma.  Og omlag 80 små og store møtte opp.  Vi fekk gle oss til flott song av barnekoret, spennande bidelforteljing av Kjersti, mat, konkurranse, utlodning og sjølvsakt: gang om juletreeet med julesongar.

Fullsett kyrkje og korpsmusikk vart starten på jula i Vikebygd.
Klikk her for større bilde