Vikebygd Kyrkje
Tilbakeblikk
Kyrkjeåret 2011
Kyrkjeåret 2010
Kyrkjeåret 2009
Kyrkjeåret 2008
Blomstergudstenesta 5.6.
Lenker til meir info
Juletrefest på bedehuset
Litt frå kyrkjeåret 2007
70-års jubileum og konsert i kyrkja..
Bispevisitas mars 2007
1. Gudsteneste-lista
2. Tilsette i prestegjeldet
3. Soknerådet
4. Årsmeldinga
5. Laurdagsklubben
6. Tripp-Trapp
7. Musikkliv i Vikebygd
8. Bedehuset
9. Møter i Soknerådet
12. Kyrkjeorgelet og fargane

10. Send melding
11. Gjesteboka


Bilder frå feiring av 17.mai 2006

Feiringa av syttande mai i Vikebygd var ein tradisjonell festdag. Folk gjekk "mann av huse" for å vera med, frå flaggheising og Gudsteneste, til tog, leikar og folkefest om kvelden.

Speidarar og korps deltok i gudstenesta 17.maiSpeidarane og musikkorpset deltok aktivt i gudstenesta på 17. mai 2006.  Dei var med både ved flaggheising, i gudstenesta og i toget. Slikt set ein ekstra spiss på dagen og feiringa.  Takk skal de ha for innsatsen.
 

 

 

 

 

Festtalar Peder Lundegård.

Festtalar var Peder Lundegård.  Han nytta ein del av talen til å takka folket i Vikebygd for innsatsen og samhaldet som ein fekk oppleva under skogbrannen nyleg.  Han fekk oppleva at folk stilde opp både på sløkking og for å laga mat til mannskapa, og alle gjorde sitt beste med godt humør.

 

 

 

 

 På veg til gudstenesta etter flaggheising.

Nokre få var tidleg oppe for å heisa flagg på Trodlanipa, men frammøtet i parken for å vera med å heisa flagg saman med speidarar og musikkkorps, var upåklageleg. 

 

Flott av speidarane tek ansvaret for å stå for dette. 

 

 

 

Speidarane i flaggborg mens korpset spelar

 

 

Så var det Gudsteneste, også der med speidarar og fin musikk frå korpset.

 

Sokneprest Johannes Nedrelid måtte også i sin tale nemna samhaldet og samarbeidet i bygda som ein fekk sjå under skogbrannen. 

 

 

 

Ståle Jordal legg ned krans ved minnestøtta

 

 

 

Etter Gudstenesta var det Ståle Jordal som hadde oppgåva å leggja ned krans på minnestøtta over dei som miste livet under krigen, som sjømenn i den norske handelsflåten.

 

 

 

Folketog frå kyrkja, om aldersbustadane. 

Folketoget vart langt i år.  Det var mykje folk som ville vera med å gå i lag, frå kyrkja, nedom sjøen og aldersbustadane, fram til bygdahuset,  Her kunne ein kjøpa god middag, kaffi og kaker.  Born og vaksne fekk delta i konkurransar og leikar utover dagen.

 

 

 

 

Munakoret malar fargar i lufta

 

Så enda det heile, slik vi plar gjera det i Vikebygd, med folkefest på bygdahuset.  Godt med folk, god mat, og mykje godt program, var det ein kunne by på her.  Muna koret song fleire songar og korpset spela det eine nummeret etter det andre. 

Bygdefolket sette stor pris på alle dei friviljuge som har hatt ansvaret for at denne dagen gjekk så flott føre seg.  Vi koste oss, og gløymde heilt å tenkja på skyer og regndropar som og var ein del av dagen.  Men eg trur nok det var fleire som sette god pris på dette og.  Både dei som opplevde brannen, og dei som tenkte på voksteren på åker og eng.