Vikebygd Kyrkje
Nyhende i Vikebygd
Soknerådsvalet 2005
Konfirmantkalenderen
Flott kyrkjekonsert av KRISTINA FLATEBØ i Vikebygd
Friluftsgudstenesta i parken med sol og varme 7.8.2005
Farvell til kantor Gunnar Inge Eide
Dugnad ved kyrkja - pymting til fest.
Konfirmasjonsfest i Vikebygd.
Pasjonskonsert i Vikebygd 15. mars 2005
Friluftsgudsteneste i parken 8. aug.2004
Dei skulle få sjå han i Galilea.
1. Gudstenestene
2. Tilsette i kyrkja
3. Soknerådet
4. Årsmeldinga
5. Søndagsskulen på laurdag!
6. Tripp-Trapp
7. Tema kveldar
8. Bedehuset
9. Nyttige lenker
12. Fargane i året

10. Send melding
11. Gjesteboka


Musikkorpset starta igjen i 2001.

Etter fleire år med laber aktivitet prøver ein nå å få liv igjen i musikkorpset i Vikebygd.

Musikkorpset var i frå starten av og i mange år, for born og ungdomar som ville spela ulike blåseinstrument.  Aktiviteten har vore vekslande, men år etter år stilte kopset opp med musikk i fleire samanhengar, og særleg på 17.mai, i toget.

Men manglande rekruttering førte til at det til slutt vart lagt ned.  Eit stort sakn i bygda, som til tider måtte nytta kassettspelar for å få musikk i 17-mai toget. 

Men nå er entusiasmen komen tilbake.  Vaksne, tidlegare korpsmedlemer har teke fram instrumenta igjen og sett i gang med å øva.  Nå skal det atter bli hornmusikk på nasjonaldagen, frå ekte blåseinstrument og ikkje frå boks.  Dette gler me oss til.  På Julemessa som vart arrangert laurdag den 18. november 2001 fekkdei visa fram spelekunsten sin, og dei fekk lovord av mange i bygda for dette.  Vidare spela di å julegudstenesta i kyrkja, og sjølvsagt på 17. mai 2002.  Både ved flaggheising i parken, ved kransenedlegging på minnestøtta, og i tog og fest denne dagen.  Og så .......

29. mai 2002 vart det kyrkjekonsert i Vikebygd kyrkje:

Omlag 130 i alle aldrar var samle i kyrkja for å høyra musikk framført av:

  • Vikebygd Skule og Ungdomskorps (21 medlemer)
  • Camilla Günter - Song
  • Sigurd Siglevik - Fløyte
  • Arne Tveit - Orgel og piano
  • Karmsund Brass (30 medlemer)

Talet på frammøtte vitnar om at bygdefolket verkeleg set pris på at korpset har starta opp att her i bygda.  Vi har fått høyra dei til jul og på nasjonaldagen vår, og nå med eigen kyrkjekonsert.  Sjølv om det berre er eit halvt år sidan dei starta opp att, er det tydeleg at dei har med seg personar som har god røynsle frå dei instrumenta dei handterer. 

Eit variert program - som folket gav god applaus til for kvart eit nummer.  Camilla Günter er ung, men har ei erfaren røyst som verkeleg kan bera fram stemninga i songane.  Ho framførte fleire nummer, både til korpsmusikk og piano.  Sigurd Siglevik framførte 2 nummer på tverrfløyte, til akompagnement av Arne Tveit på Piano.  Det er tydeleg at her har vi ein ung gut som likar å spela - og allereie har fått god røynsle med musikk.

Toppen på kransekaka var at vi fekk vitjing av Karmsund Brass frå Torvastad.  Dei har medlemer frå Suland i sør til Vikebygd i aust.  Korpset blei stifta i 1982 og har ca 30 medlemar frå 15 år og oppover.  Eit svært rutinert korps som framførte ei lang rekkje musikkstykke, som både fekk føtene til publikum å trampa takten og applausen til å runga.  Ein røynd solist i Karmsund Brass song musikk frå ABBA sin musical.  Ei oppleving verd å få vera med på.

Geir Rasmussen, dirigent for Vikebygd Skule- og Ungdomskorps, avslutta konserten med å dela ut blomar til solistane, og ikkje minst til Aud Jorunn Tordal, som har æra for at korpset har vakna til liv igjen. 

Siste tonen fekk likevel Karmsund Brass, som måtte trå til med eit ekstranummer (Brudemarsj) som dei hadde øvd inn på kort varsel. 

Til slutt kan vi berre få takka for at Vikebygd Skule- og Ungdomskorps tok ansvaret og oppgåva med å få til denne konserten.  Ei oppleving av dei store i bygda vår.