Vikebygd Kyrkje
Nyhende i Vikebygd
Misjonsdag på bedehuset
Ungdomsklubben First Floor i gang igjen.
Soknerådsvalet 2005
Konfirmantkalenderen
Flott kyrkjekonsert av KRISTINA FLATEBØ i Vikebygd
Friluftsgudstenesta i parken med sol og varme 7.8.2005
Farvell til kantor Gunnar Inge Eide
Dugnad ved kyrkja - pymting til fest.
Konfirmasjonsfest i Vikebygd.
Pasjonskonsert i Vikebygd 15. mars 2005
1. Gudstenestene
2. Tilsette i kyrkja
3. Soknerådet
4. Årsmeldinga
5. Søndagsskulen på laurdag!
6. Tripp-Trapp
7. Tema kveldar
8. Bedehuset
9. Nyttige lenker
12. Fargane i året

10. Send melding
11. Gjesteboka


Nytt sokneråd valde 21. oktober 2001

Soknerådsvalet vart halde rett etter gudstenesta den 21. oktober 2001, i Austre Vikebygd kyrkje. Ut frå den lista med 13 namn som nominasjonsnemnda hadde sendet inn, er det nå valde 6 medlemer og 5 varamedlemer til det nye soknerådet, for perioden 2002 - 2005.

Hausten 2001 var det soknerådsval i alle kyrkjelydane i Noreg.  Namna på medlemane i Vikebygd sokneråd, kan du lesa her. 

Soknerådet

I bibelen vert det m.a. skreve ein god del om "dei eldste i kyrkjelyden."  Dette var ikkje dei som var eldst av alder, men personar som var valde til eit eldsteråd som skulle vera tilsynsmenn i kyrkjelyden.  På same måte kan vi seia at soknerådet er kyrkjelyden i Vikebygd sitt eldsteråd, som særskilt skal ha omsyn for det kristne livet i kyrkjelyden, uttrykt som at rådet skal "vera ein katalysator for dei behov som rører seg i kyrkjelyden."

Vidare vil soknerådet ha ei viktig oppgåve i å synleggjera overfor befolkninga dei mogelegheiter som ligg i dei ressursar kyrkjelyden (og kykjelydane i fellesskap) disponerer.  Soknerådet si oppgåve vil vera både å setja i gong verksemd og å leggja til rette for at ein både gjennom tilsette sine ressursar og kyrkjelyden sin økonomi, kan stimulera til friviljug verksemd og engasjement i kyrkjelyden.

Frå kvart sokneråd i kommunen vert det elles vald 2 personar som saman med kyrkjeverge, sokneprest og ein representant frå kommunen, utgjer fellesrådet.  Hovudoppgåva til fellesrådet er å vera arbeidsgjevar for dei tilsette, og ha tilsyn med, og ansvar for, bygg og eigedomar som kyrkja eig og disponerer.

Ei opplisting av oppgåver for soknerådet vil sjå slik ut:

Generelt verksemdsansvar:

  • Gudstenesteliv
  • Dåps- og konfirmasjonsundervisning
  • Diakoni
  • Kyrkjemusikalsk verksemd som kor, konsertar og anna song- og musikkliv i kyrkjelyden.
  • Barne- og ungdomsarbeid
  • Besøksteneste
  • Barnehage
  • Bibelgrupper, husgrupper
  • Kyrkjelydsblad etc.

Spesielle oppgåver nemnde i kyrkjelova:

  • avgjera formål for ofringar
  • oppretta stillingar (med fellesrådet si godkjenning)
  • medvirka ved tilsetjing av prest, prost og biskop
  • fordeling
  • avgi rapport til kyrkjeleg myndigheit
    (departementet, kyrkjemøtet, bispedømerådet)
  • føra oversikt over inventar og utstyr
  • utleige av kyrkja
  • førebu og gje innstilling i saker til kyrkjelydsmøtet
  • førebu og gjennomføre val av sokneråd

Oppgåver nemnde i Gudstenesteboka, kor soknerådet avgjer:

  • bruken av alternativ musikk til einskildledd
  • formene for lovsong
  • val av tekstlesarar
  • når og kor ofring skal finna stad
  • kva for form av Herrens bøn som skal nyttast
  • kva type vin som skal nyttast
  • kva for utdelingsmåte som skal nyttast ved nattverd
  • velja leke nattverdsmedhjelparar, etter framlegg frå presten. 
    Desse skal godkjennast av biskopen.