Konfirmantane hadde laga og førebudd innslaga i samarbeid med sokneprest Johannes Nedrelid og kateket Britt Karstensen. Det var utruleg fint å få høyra dei unge musikktalenta. Sunniva, Elisabeth og Johanna song fleirstemt til piano akkompagnement av Arne Tveit. Einar Marius spela Trombone saman med organisten, Natalia Medvedeva på piano.

Teksten for dagen tok utgangspunkt hendinga som er skreven om i Johannes evangelium, der Øvsteprest Kaifas talar profetisk, og seier: «De skjønar ingen ting. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.» Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket.
Gudstenesta og talen var retta inn mot innsamlingsaksjonen til Kirkens Nødhjelp sitt prosjekt: "Ungdom ut av krig og krise." Nedrelid knytta dette til Nelson Mandela og andre som måtte lida for noko dei trudde på. Men dei held fast på trua og vona. Til tross for lidingane var forsoning og tilgjeving det dei tenkte på.
Etter Gudstenesta var konfirmantar, familiar og fleire av dei som har ansvar for konfirmantundervisninga, samle på bedehuset til fest. Det vart ei fin stund med god mat, ljosbilete, skjemt og godord.
Nå står berre konfirmasjonen den 14. mai att, og vi ynskjer konfirmantane lukke til med førebuingane og til dagen.
-------------------------------------------------------
Litt frå konfirmantfesten i 2005:
Det er kjekt at ungdomane våre i Vikebygd vel å la seg konfirmera i kyrkja. I år vert dette på Kristi Himmelfartsdag, torsdag den 5. mai.
Førebuinga har vore undervisningstimar med sokneprest Jiohannes Nedrelid og kyrkjelydspedagog Britt Karstensen gjennom heile vinteren. I tillegg har dei fått delta i gruppesamlingar i heimen til Arne og Britt Nelly Tveit i Tonjen. Her har dei trivst godt, seier dei sjølve.
Så vart denne førebuings- og opplæringstida avslutta med samtalegudsteneste og fest på bedehuset søndag den 17. april, om kvelden. Prost Arne O. Øystese deltok både i festen og på gudstenesta, der konfirmantane les ei rekkje buibeltekstar, tende ljos og framførde / dramatiserte teksten.
Omlag 60 personar samlast etterpå på bedehuset til eit måltid, songar, leik og talar. Soknerådsleiaren ynskte konfirmantane alt godt for konfirmasjonsdagen og framtida, og overrekte dei kvar si rose.
Sjølvsagt måtte alle dei som har delteke i undervisninga og samlingane i elden med ei helsing eller tale, før prost Øystese avslutta kvelden med andakt.

--
|