Ei fullsett kyrkja fekk oppleva ei flott festgudsteneste. Ølen Barnekor og Barnegospel kom inn i prossesjon føre biskop, prost, prestar og kyrkjeleg tilsette. Koret innleia, og framførte fleire glade songnummer i guds-tenesta. I tillegg deltok fleire med solosong, korsong og musikk.
Britt Karstensen hadde talen og fortalde om Maria som fekk bodskapen om at ho skulle få ei spesiell oppgåve: Å føde Jesus, Guds eigen son. Ho svara ja til oppgåva ho fekk av Gud. Både born og vaksne kunne gle seg over ein fin tale som høvde for både store og små. Vi har fått ein god kateket som går inn i oppgåva med glede og entusiasme.
Dei to arbeidarane som skulle vigslast hadde begge bak seg tenestetid i kyrkjelydane sine. Solveig Sukka har gjort teneste i Suldal som diakon i fleire år. No skulle ho ta steget heilt ut. Ho har permisjon frå stillinga i Suldal for å gjera teneste som diakon i Sauda i eit år.
Britt Karstensen, som tidlegare har vore lærar, har i nokre år vore tilsett som kyrkjelydspedagog i delstilling i Ølen prestegjeld medan ho studerte til Kateket. I sommar var ho ferdig utdanna og fekk auka stillinga til 50%. Denne søndagen vart ho vigsla til kateket og skal framleis ha si teneste i Ølen prestegjeld med sokna Ølen, Bjoa og Vikebygd. Forbedarar la hendene sine på dei to som skulle vigslast og det vart bede for dei. Så tok dei biskopen i handa og avla sin lovnad.
Etter gudstenesta samlast ein stor del av kyrkjefolket seg på "Kyrkjetunet," der Liv Ingunn Medhaug hadde leiinga og overrekte ei gåve frå Ølen kyrkjelyd. Det heile tok til med gode kaker og kaffi før programmet gjekk over i helsingar og talar frå ei rekkje personar knytt til kyrkje og kyrkjelydar.
Fleire overrekte gåver til dei to som vart vigsla, og det mangla ikkje på gode ord. Det er tydeleg at både kyrkjeleiinga og kyrkjelydane set stor pris på desse to damene som i vaksen alder valde å la seg utdanna til teneste. Kyrkjeverje Inghart Lasse Tveit ga si helsing til Britt, og trekte paralellar attende til si eiga tid då han avla lovnad om truskap mot ordet som nybakt speidarleiar. Leiar i Vikebygd sokneråd tok også ordet med ei lita helsing frå kyrkjelyden i Vikebygd. Så runda Biskop Ernst Baasland det heile av med velvalde ord på vegen og lyste velsigninga over dei frammøtte.
I gudstenesta deltok desse:
Biskop Ernst Baasland Prost Arne O. Øystese Sokneprest Johannes Nedrelid Diakon Solveig Sukka, Kateket Britt G. Karstensen, Undervisningskonsulent Kirsti Melangen Diakonikonsulent Asbjørn Finnbakk Organist/Kantor: Natalia Medvedeva Klokkar Siv Heidi Eidsheim Kyrkjetenar Randi Dalen. Forbedarar: Torkel Myklebust og Thomas Peter Randulff; Margot Ivesdal og Kari Vik Stuhaug.
Der var musikkinnslag med: Anders Vaka (song) Karina Mae Stokke (fiolin) Åse Moe Stokke (cello) Ølen Barnekor og Barnegospel m/orkester, under leiing av Liv Herborg Wold. Korgruppe under leiing av Natalia Medvedeva. Dansegruppe frå Ølen Barnegospel og konfirmantar.
---------------
Les også reportasjen i Grannar.
- |