![]() | ![]() |
For så elska Gud verda .....
|
|
![]() |
![]() |
Tekst: Johannes 3,16: "For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv."
Heilt i byrjinga av Bibelen les vi om då Gud skapte verda. For alt Gud hadde skapt, såg han utover verket sitt og i Bibelen vert det konkludert med: "- og sjå, det var overlag godt." Gud hadde berre gode planar for skaparverket sitt - då Han skapte verda. Så skapte han mennesket - heilt til sist. For mennesket hadde han spesielle tanker. Han skapte mennesket i sitt eige bilete, i si eiga likning. Mennesket skulle vera i ei særstilling og vart sett til å råda over alt Gud hadde skapt. Ikkje noko anna Gud skapte fekk denne rolla. Ikkje noko anna Gud skapte vart laga i Hans bilete. Og Gud var glad i menneska. Kvar og ein. Alt var lagt til rette for at dei skulle leva og ha det godt i ei verd som var som eit Paradis. Men slik gjekk det diverre ikkje. Gud ga menneska ein fri vilje. Fri til å gjera det gode, men også til å gjera Gud imot. Og dette valet var det menneska gjorde. Djevelen kom, forkledd som ein orm. Slu og snikande kom han og lurte mennesket til å gjera det Gud hadde sagt at dei ikkje måtte gjera. Slik kom synda inn i verda - og slik vart groen sett for all den vondskapen som me i dag ser i verda. Menneska sloss, dei krigar, dei lyg og stel. Ofte er det ikkje grenser for kva vondskap vi kan finna på. Alt med den frie vilje som vi fekk. Ikkje eingong storflaumen som gjekk over jorda klarte å utrydda vondskapen. Gud måtte gjera noko endå meir drastisk. Det mest drastiske som kunne gjerast var at synda vart sona. Men Gud såg at me menneske var for veike til å tola denne straffa. For straffa var dauden. Kva for eit menneske kunne sigra over dauden ? Kven kunne sona synda - og likevel kunna halda fram som Guds barn ? Gud valde då det utrulege. Han la ein plan for å frelsa menneska. Hans eigen son, Jesus Kristus, Han som var syndefri, ulasteleg og rein, - han som hadde Guds veldige kraft til disposisjon. Han kunne sona straffa for menneska - og likevel sigra over både djevelen si kraft og endå til over dauden. Så glad var Gud i menneska som han hadde skapt, at han lot Jesus, sin eigen son bli fødd til Jorda som eit menneske. Fødd til fattigdom og underlagt alle dei same vilkår som menneska fekk. Han vart plaga av sjukdom, han fekk kjenna svolten gnaga i magen, Han fekk kjenna freistingane til å gjera det galne. Men med eit unntak. Han fall ikkje for freistingane, for Han visste at dette var naudsynleg. Han måtte gå gjennom dette. Så fekk Jesus nokre få år som Han bruka til å fortelja menneska om Guds plan. Til å peika på at det Gud hadde fortalt gjennom profetane - det var for at vi skulle skjøna at dette var Guds plan - når det skjedde. Heile gamle testamentet i Bibelen, dei gamle skriftene, - er fulle av profetiar om Jesus og det som skulle skje med han. Ja, endå til mange hendingar som er nedteikna i Bibelen peika på det som skulle skje med Jesus. Så skjedde det. Ei møy (ei unge jenta som ikkje var gift eller levd i saman med nokon mann) vart med barn og fødde ein son (Jes. 7.14). Ho sveipe han og la han i ei krubba. Englane song, og vitna om at dette både for Maria og Josef, for Elisabet og Sakarja, og for gjetarane som fekk møta ein heil flokk av englar. Ja, dette var Guds eigen son som var fødd. Ikkje noko anna menneske har vel fått ein slik velkomst av englehærar. Livet Hans derimot vart ikkje slik ein kongeson vanlegvis har det. Nei, som ein vanleg snikkarson voks Han opp. Ja, Jesus måtte nok læra seg å laga plogar og landbruksreiskapar i tre. Kanskje Han laga eit bord og. Kven veit ? Som vaksen tok Han straffa for all vondskap i verda. Pinsla og måten Han vart straffa på var så grusom at sjølv Romarane 2-300 år seinare tok avstand for denne straffemetoden, som dei såg på som for barbarisk og umenneskeleg. Kvifor gjorde så Jesus dette ?? Det var berre ein grunn. Han var så glad i oss at Han var villig til å ta vår straff og gå gjennom våre pinsler i staden for heile verda. "For så elska Gud verda at han gav Son sin, Profeten Jesaja sa det slik: (53,5): "Han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, Og ved hans sår har vi fått lækjedom." Ja, gjeld dette så oss ?? I Efesarbrevet kap.2 vers 8 les vi: "For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåva." og i Galatarbrevet (3,26) seier Paulus: "De er alle Guds born ved trua på Jesus Kristus." Så gjeld det altså oss, kvar og ein. Du og eg er elska av Gud. Så høgt at han ga sin eigen son til soning for våre synder, så at dersom DU trur på Han, og ber Jesus om å koma inn i livet ditt, så skal du ikkje gå fortapt, men ha evig liv. Men hugs då på kva Jesus sa til kvinna som var grepen i hor, etter at dei som ville steina henne var gått bort ein etter ein, då dei skjøna at heller ikkje dei var syndefrie, Jesus sa: "Gå bort og synda ikkje meir." Så la oss leggja vinn på å gjera slik Jesus sa. Og la oss kvar dag leggja alt fram for han med bøn om frelse og tilgjeving for det som måtte vera gale i våre liv, og gjer dette med takkseiing - for det er av nåde. Det er Gud si julegåva til deg ! Ha så eit godt år - i Jesu kjærleik. |