Hausten 2005 var det soknerådsval i alle kyrkjelydane i Noreg. Om medlemane som er valde til Vikebygd sokneråd og verva deira, kan du lesa nedanfor her:
Bak, frå venstre: Jarle Årvik (1.v.), Steinar Skartland og Knut Heggland (5.v.). I midten frå venstre: Else T. Valen, Brit Nelly N.Tveit, Kjersti H.Bjerga og Agnes Olene Svendsbø(2.v.). Framme frå venstre: Johannes Nedrelid, Dag Hans Nagel-Alne og Rolf Alne. 2 av varamenna, Charlotte Rurtveit (3.v.) og Lise Søndenå (4.v.), var ikkje tilstades då biletet vart teke.
Desse vart valde for soknerådsperioden 2006-2009: -Telefon, verv og annan info - gå inn HER.
Soknerådsmedlemar:
Steinar Skartland, Leiar Brit Nelly Ness Tveit, Nestleiar Else Tengesdal Valen, Sekretær Dag Hans Nagel-Alne, Repr. til Fellesrådet Kjersti Hausberg Bjerga, varamann til fellesrådet Rolf Alne, Medlem Johannes Nedrelid, Sokneprest
Varamedlemar vart desse:
- Jarle Årvik
- Agnes Olene Svendsbø
- Charlotte Rugtveit
- Lise Søndenå
- Knut Heggland
Valstyret som leia valet og oppteljinga, var det "gamle soknerådet."
Soknerådet hadde sitt fyrste møte den 23.november, der dei konstituerte seg.
Soknerådet og oppgåvene deira
I bibelen vert det m.a. skreve ein god del om "dei eldste i kyrkjelyden." Dette var ikkje dei som var eldst av alder, men personar som var valde til eit eldsteråd som skulle vera tilsynsmenn i kyrkjelyden. På same måte kan vi seia at soknerådet er kyrkjelyden i Vikebygd sitt eldsteråd, som særskilt skal ha omsyn for det kristne livet i kyrkjelyden, uttrykt som at rådet skal "vera ein katalysator for dei behov som rører seg i kyrkjelyden."
Vidare vil soknerådet ha ei viktig oppgåve i å synleggjera overfor befolkninga dei mogelegheiter som ligg i dei ressursar kyrkjelyden (og kykjelydane i fellesskap) disponerer. Soknerådet si oppgåve vil vera både å setja i gong verksemd og å leggja til rette for at ein både gjennom tilsette sine ressursar og kyrkjelyden sin økonomi, kan stimulera til friviljug verksemd og engasjement i kyrkjelyden.
Frå kvart sokneråd i kommunen er det elles vald 1 medlem med personleg varamann, som saman med kyrkjeverge, ein av sokneprest og ein representant frå kommunen, utgjer fellesrådet. Hovudoppgåva til fellesrådet er å vera arbeidsgjevar for dei tilsette, og ha tilsyn med, og ansvar for, bygg og eigedomar som kyrkja eig og disponerer.
Ei opplisting av oppgåver for soknerådet vil sjå slik ut:
Generelt verksemdsansvar:
- Gudstenesteliv
- Dåps- og konfirmasjonsundervisning
- Diakoni
- Kyrkjemusikalsk verksemd som kor, konsertar og anna song- og musikkliv i kyrkjelyden.
- Barne- og ungdomsarbeid
- Besøksteneste
- Barnehage
- Bibelgrupper, husgrupper
- Kyrkjelydsblad etc.
Spesielle oppgåver nemnde i kyrkjelova:
- avgjera formål for ofringar
- oppretta stillingar (med fellesrådet si godkjenning)
- medvirka ved tilsetjing av prest, prost og biskop
- fordeling
- avgi rapport til kyrkjeleg myndigheit
(departementet, kyrkjemøtet, bispedømerådet)
- føra oversikt over inventar og utstyr
- utleige av kyrkja
- førebu og gje innstilling i saker til kyrkjelydsmøtet
- førebu og gjennomføre val av sokneråd
Oppgåver nemnde i Gudstenesteboka, kor soknerådet avgjer:
- bruken av alternativ musikk til einskildledd
- formene for lovsong
- val av tekstlesarar
- når og kor ofring skal finna stad
- kva for form av Herrens bøn som skal nyttast
- kva type vin som skal nyttast
- kva for utdelingsmåte som skal nyttast ved nattverd
- velja leke nattverdsmedhjelparar, etter framlegg frå presten.
Desse skal godkjennast av biskopen. |