Lørdag 12. november 2005 laga soknerådet til misjonsdag på bedehuset. Frå klokka 12 og utover var det sal av laurdagsgraut, kaker og kaffi. Karla B. Log, Olav Johannesen og Johanens Nedrelid deltok med informasjon om misjonsprosjektet, Video for både barn og vaksne, og mange bilder frå kyrkjebygginga.
Karal B. Log hadde andakt og snakka om å finne den rette vegen og om vegleiaren dit.
Det var svært mange som fann vegen innom bedehuset. Mange valde å vera der ein stor del av dagen, mens andre var ei stund før dei for vidare. Laurdagsklubben vart lagt midt inni arrangementet, og 14 born samla seg på hemsen der dei m.a. fekk sjå video frå ein gut som lever midt oppi misjonslandet. Men før dei gjekk på hemsen måtte sjølvsagt borna syngja for alle som var frammøtte.

Takk til alle som deltok med oppgåver, alle som kjøpte lodd og til dei som kom tilreisande for å fortelja om arbeidet med kyrkjebygget.


|