Vikebygd Kyrkje
Nyhende i Vikebygd
Litt frå kyrkjeåret 2009
Litt frå kyrkjeåret 2008
Blomstergudstenesta 5.6.
Lenker til meir info
Juletrefest på bedehuset
Litt frå kyrkjeåret 2007
70-års jubileum og konsert i kyrkja..
Bispevisitas mars 2007
Konsert med Stephen Sirris -07
Fartein Valen og Bach i Vikebygd
1. Gudsteneste-lista
2. Tilsette i prestegjeldet
3. Soknerådet
4. Årsmeldinga
5. Laurdagsklubben
6. Tripp-Trapp
7. Musikkliv i Vikebygd
8. Bedehuset
9. Møter i Soknerådet
12. Kyrkjeorgelet og fargane

10. Send melding
11. Gjesteboka


Nyhende i Vikebygd

Litt frå kyrkjeåret 2009
Litt av det som har hendt i 2009 i Vikebygd vert samla her

Litt frå kyrkjeåret 2008
Her er samla litt av det som hende i kyrkjelyden i 2008

Blomstergudstenesta 5.6.
Ein årleg og fin tradisjon er det å ta borna med i gustenesta. Dei ber inn blomar, syng og har oppgåver der. Då kjem mange til kyrkja i Vikebygd i alle aldrar.

Lenker til meir info
Her kan du finne linkar til meir informasjon om kyrkja og livet i kyrkjelyden og bygda Vikebygd.

Juletrefest på bedehuset
Laurdag 29. desember 07 samlast mange små og store til god gammaldags juletrefest på bedehuset i Vikebygd.

Litt frå kyrkjeåret 2007
Tidlegare hendingar er samla her

70-års jubileum og konsert i kyrkja..
Jubileet vart markert med konsert den 19. og gudsteneste og hausttakkefest den 21. oktober. Her var born, ungdom, vaksne og eldre med på kvar sine måtar

Bispevisitas mars 2007
I dagane 21.-25. mars var det bispevisitas i Ølen, Bjoa og Vikebygd. Eit allsidig program synte biskop Ernst Baasland breidda i kyrkje og kulturliv i prestegjeldet. Torsdagen var "Storfamilien" samla i Vikebygd kyrkje til gudsteneste.

Konsert med Stephen Sirris -07
Den 2. februar 2007 hadde kantor og sokneråd invitert til konsert i Vikebygd Kyrkje. Den dyktige og kjende organisten Stephen Sirris var invitert til å spela i denne vakre murkyrkja.

Julefest 30.12.06
Julefest på bedehuset samla fullt hus på "Vesle Nyttårs afta" 2006. Over 40 born og like mange foreldre, besteforeldre, onklar tanter og andre frå bygda. Kan ein vurdera trivsel og glede ut ifrå lydnivå, så hadde alle det kjempekjekt. Men då Kjersti fortalde om englane som song for gjetarar og sauer - då vart det stille. Lyttande.

Fartein Valen og Bach i Vikebygd
Kantor Magne Bokn hadde samla musikkarar som saman framførte fleire verk av Fartein Valen og Johann Sebastian Bach på ein spesiell kyrkjekonsert i Vikebygd kyrkje torsdag den 28. sept. 2006.

Litt frå kyrkjeåret 2006
Klypp frå ulike arrangement i kyrkjeåret er lagt inn her.

Bilder frå feiring av 17.mai 2006
Feiringa av syttande mai i Vikebygd var ein tradisjonell festdag. Folk gjekk "mann av huse" for å vera med, frå flaggheising og Gudsteneste, til tog, leikar og folkefest om kvelden.

Konfirmantfest og -gudsteneste
Søndag 2. april 2006 deltok konfirmantane i Vikebygd i ei flott gudsteneste der dei framførte både korsong, musikk og opplesingar av bøner og bilbelord. (Her er også litt frå arrangementet i 2005).

Vigsling av Kateket 26.mars-06.
Søndag 26. mars 2006 var det festgudsteneste i Ølen kyrkje, då Britt Karstensen vart vigsla til kateket med teneste i Ølen prestegjeld. Biskop, Prost, sokneprest og mange kyrkjeleg tilsette var tilstades saman med kyrkjelyd og gjester.

Svingande fellesgudsteneste 8.januar 06
Det vart ei flott markering av samanslåinga mellom Ølen og Vindafjord i Skjold kyrkje, søndag 8. januar 2006. Fleire barnekor, vaksenkor, jazzorkester m.m deltok. Ordførar, varaordførar og rådmann var der, og alle prestane i det nye fellesråsområdet for Vindafjord. Vi referer her frå Grannar sin artikkel i avisa etter markeringa.

SOKNERÅDET 2006-2009
Soknerådet har ei viktig oppgåve som leiarar i kyrkjelyden. Her kan du lesa meir om kva for oppgåver dei skal arbeida med. Framfor alt skal soknerådet ha "livet i kyrkjelyden" som ansvarsområde.

Misjonsdag på bedehuset -05
Kyrkjelyden i Vikebygd har nytt kyrkjebygg i Ngaoundèrè i Kamerun som misjonsprosjekt. Bygda skal få vera med og samla inn penger til kyrkjebygget i ein 3-års periode. Derfor var ein misjonsdag der ein kombinerte informasjon, andakt, basar og kafe ein fin måte til å gjera dette på.

Ungdomsklubben First Floor -05.
Ungdomsklubben "First Floor" i Vikebygd har fått ferdig klubbrommet i Bygdahuset. Lørdag 1. oktober 2005 var det opningsfest. Foreldre og ordføraren var inviterte som gjester.

Soknerådsvalet 2005
Desse vart halde soknerådsval i Vikebygd 11. og 12. september 2005, for perioden 2006-2009. Her er resultatet.

Konfirmantkalenderen -06
Her finn du datoar for samlingane, kor det skal vera og kva tema som det vert teke opp i konfirmantsamlingane.

Kyrkjekonsert med Kristina Flatebø -05
Musikkstudenten frå Ølen har vore organist-vikar i sommar. Onsdag 17. august avrunda ho organist tenesta med konsert i Vikebygd Kyrkje. Nær 50 frammøtte fekk høyra ein lovande organist som satsar på ei musikalsk framtid.

Friluftsgudstenesta i parken med sol og varme 7.8.2005
Soknerådet inviterte den 7 august til gudsteneste på den gamle kyrkjetomta i Vikebygd. 49 store og småsamla seg til gudsteneste der temaet var rettferdiggjering ved tru, og teksten for dagen var om farieseraen og tollaren som bad i tempelet.

Dugnad ved kyrkja - pymting til fest 05.
3. mai var det dugnad for å gjera uteareala ved kyrkja klar til konfirmasjonen. Luking og planting stod på arbeidsplanen.

Konfirmasjonsfest i Vikebygd 05.
Torsdag 5. mai skal 8 ungdomar konfirmerast i Vikebygd kyrkje, men alt den 17. april måtte dei i "elden". Då var det samtalegudstenesta med konfirmantfest etterpå.

Pasjonskonsert i Vikebygd 15. mars 2005
Kantor Gunnar Inge Eide fekk også i år lagt ein flott Pasjonskonsert til kyrkja i Vikebygd. Kari Vik Stuhaug las påskeevangeliet og musikarar frå distriktet spela og song mellom lesingane.

Friluftsgudsteneste i parken 8. aug.2004
Søndag 8. august vart det friluftsgudsteneste i parken, eller den gamle kyrkjetomta. Mange kom for å delta.

Dei skulle få sjå han i Galilea.
Engelen hadde sagt: "Skunda dykk av stad og sei til læresveinane hans: Han er oppstaden frå dei døde, og nå går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han." Dei var lydige også nå, og drog til galilea.

Påske og Basar 04.
Fredag før påske var det basar på Vikebygd Bedehus, og Skjærtorsdag samla 80 store og små seg til basar på Årvik bedehus.

O-løp og Gudsteneste på Vikestølen 04
Søndag 4. april 2004 (Palmesøndag) Hadde Vikebygd Sokneråd og Bjoa O-gruppe gått saman om felles arrangement på Vikestølen. Grått vær gjorde ikkje noko på humøret, og frammøtet var godt.

Jul med full kyrkje, hornmusikk, speidarar og misjonsprosjekt.
Desember er ei tid då mange søkjer til kyrkjene våre. Flott å få vera med og halda dørene opne.

Flott hausttakkefest i kyrkja 2003
Dåpsopplæringsnemnda tok initiativ til å få i stand hausttakkefest i kyrkja vår den 19. oktober 2003. Mykje folk i alle aldrar kom, både frå Bjoa og frå Vikebygd..

Speidartivoliet fredag 29. august 2003
Tradisjonen tru samlast bygdefolket til speidartivoli på Bryggjebakken ved Prestabryggja i Vikebygd, fredag den 29. august. Kjekt at born og vaksne kan leika og kosa seg saman.

Medarbeidarsamling i parken 03
Dåpsopplæringsnemnda inviterte dei som er engasjerte innan friviljug kyrkjeleg arbeid i bygda til ei samling søndag 24. august 2003.

Sjeldant fint Vikestølsmøte 6.juli 2003
Dei om lag 70 personane - med smått og stort - som valde Vikestølsmøte sundag 6. juli, fekk ei sjeldan fin oppleving. (Endre Heggen - Grannar)

Palmesøndag med gudsteneste på Vikestølen 03
Tradisjonen tru vart det invitert til felles gudsteneste for Bjoa og Vikebygd kyrkjelydar, på Vikestølen palmesøndag 2003. Fint ver - og smilande andlet hjå alle dei som tok ein fjelltur denne dagen.

Heftet om Vikestølen - på internett 03.
I mars 2003 vart det gjort eit arbeid med å få gjort det 40 siders (A4) heftet om Vikestølen tilgjengeleg på internett. Nå er det ferdig.

For så elska Gud verda .....
Tekst: Johannes 3,16: "For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv."

"Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk."
Ein tekstmeditasjon ved tusenårsskiftet. "For tusen år er i dine augo som dagen i går då han for framom, eller som ei nattevakt." Salme 90. vers 4.