Hovedside

Velkommen til Vikebygd Kyrkje
Nyhets- og informasjonssider for Vikebygd kyrkje.
Vikebygd sokn i Vindafjord kommune Nordre Ryfylke Prosti - Stavanger Bispedømme
 Info side for VIKEBYGD finn du på:  www.vikebygd.org 
-------------------------------- Oppdatert 8. febr. 2012 ------------------------------------
Litt om:
Dåp - Konfirmasjon - Bryllup - Gravferd - Samlivsbrot - Ein å snakka med
-------------------------------------------------------------------------------------------------

Kyrkja vår i Vikebygd

For så elska Gud verda at Han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på Han, ikkje skal gå fortapt, men ha eit evig liv.

Gud sende ikkje sonen sin til verda for at Han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved Han.  (Joh. 3, 16-17).  

Les Bibelordet for dagen i dag, her 
eller finn Neste Sundags tekst 
 


Ljosmessa 18.desember 2011

I mange år har det vore tradisjon for Vikebygd med ljosmesse i desember.  Søndagskvelden den 18. 12. tok folk igjen ut frå heimane og samlast i kyrkja.  156 deltakarar kunne Brit Nelly telja opp.  I sentrum stod speidarane og konfirmantane med både ljosbering, -tenning, tekstlesing og song.  Les meir HER.
 

Vi minner om fylgjande arrangement: GUDSTENESTENE  ser du HER.

  • Vikebygd kyrkje, 19. februar
    kl. 11:00: Gudsteneste
  • Vikebygd kyrkje, 18. mars
    kl. 17:00 : Gudsteneste
  • Vikebygd kyrkje, 8. mars
    kl. 11:00: Gudsteneste

 

Soknerådsleiar og klokkar Brit Nelly Ness Tveit, 
Prost Arne O. Øystese,
Sokneprest Johannes Nedrelid og
Kateket Britt Karstensen


Kyrkja pussast til feiring
Soknerådet i Vikebygd har sett i gong arbeidet med å førebu 75 års jubileet i 2012. Ein komite arbeider med programmet. I 2011 starta eit omfattande utvendig vedlikehald. Arbeidet tok til i juli og fram til midten av oktober vart kyrkja pussa på ny med ljos puss. I denne perioden var kyrkja stengd og gudstenester vart haldne på bedehuset.
LES MEIR
HER.


Rune Birkeland tala på Vikestølen
Rune Birkeland tala på VikestølenFor 111. gong samlast folk frå bygdene til Vikestølsstemne 26. juni. 40 møtte opp til stemne, der sjømanns-presten Rune Birkeland tala. Som vanleg var Jesus den sentrale i møta. Les meir her.

Last ned og les årsmeldinga
for kyrkja
HER

Kyrkja er 75 år i 2012
8.2.11:  Kyrkja i Vikebygd vart innvigd 23. sep-tember 1937.  Nå førebur soknerådet storstilt jubileumsfeiring i september 2012, med høg-tidsgudsteneste 23.9.  Soknerådet inviterer alle i Vikebygd til både å delta og å bidra i jubileet.  La det bli bygda si feiring av kyrkja!
LES MEIR HER.



    
Fullt hus på julegudstenesta
24.desember 2011:
Juleafta vart det fullt i benkene i Vikebygd kyrkje, som har plass for omlag 300 menneske. Mest imponerte aspirantane i korpset som hadde fått sine første instrument utdelt i September i år. Dei stilte opp og framførte eit musikkstykke heilt åleine, under leiing av Andreas Ulveraker.
Det er eit stort korps i Vikebygd, med musikkarar i alle aldrar.  Dei fleste har spela i mange år og er svært dyktige, saman med Arne Tveit på kyrkjeorgelet, fekk den store kyrkj4lyden godt tonefylgje til julesongane som fylte det store kyrkjerommet.  Det var tidlegare sokneprest i Vikedal, Bjarne Hjelvik, som forretta gudstenesta i Vikebygd denne dagen.
LES MEIR HER.
 
50-års jubileum for konfirmasjon
16.oktober 2011:
Dei vart konfirmerte i året 1961 og kunne søndag 16. oktober feire 50-års jubileum.  -Me var dei første som tok i bruk kvite kappar, kunne jubilantane fortelja,
-men me hadde vel ikkje komme inn i dei idag, lo dei.  Dette var eit av dei største konfirmantkulla som har vore i Vikebygd.  Heile 17 ungdommar vart konfirmerte den gongen. Av dei møtte 12 til jubileumsmarkeringa. Etter Gudstenesta, som denne gongen måtte vera på bedehuset pga arbeid med kyrkja, vart resten av dagen markert med middag på Gamlatunet. Her kunne dei og nytta høvet til å drøsa om ungdomstida som dei hadde i saman i bygda. Fleire av jubilantane bur ennå i bygda.
Les meir her og sjå bilete

 Soknerådet 2011-15

Brit Nelly Ness Tveit vart vald til leiar i det nye soknerådet i Vikebygd. Dei tok til i tenesta 1. okt. 2011. Les meir HER.

Faste medlemer:
1.  Brit Nelly Ness Tveit, 49 år
2.  Øyvind Valen, 52 år
3.  Anna Karolina Fisk Eide, 34 år
4.  Dag Hans Nagel-Alne, 48 år
5.  Rolf Alne, 53 år

6.  Brita Laugaland, 69 år
Varamedlemer:
1.vara Jarle Årvik, 45 år
2.vara Hilde Stene Bauge, 31 år
3.vara Geir Mandius Vårvik, 48 år
4.vara Linda Langeland, 31 år
5.vara Marit Larsen, 70 år

Soknerådet tok til i tenesta 1. okt. 2011
Les meir om valet 2011 HER.


Dåp og Gudsteneste i parken
Søndag 14. august vart det gudsteneste i friluft, midt i Vikebygd.  100 meter nedfor kyrkja ligg parken med ruiner etter den førre kyrkja.  I juli var det vigsel av brudepar her, og denne søndagen inviterer sokneprest Johannes Nedrelid til misjons-gudsteneste. -Det var også dåp i denne gudstenesta.  Det var første barnedåpen Johannes Nedrelid hadde hatt i friluft sidan misjonstida i Kamerun.   LES MEIR
HER 


Bryllaupsfeiring i det fri, 30. juli.
To JA, ved den gamle kyrkjemuren

(4.8.2011  SteinarS)  Dei let seg ikkje stoppa av at kyrkja var stengd for vedlikehald.  
 
Laurdag 30. juli knela Elin Sætre og Henning Flæte Andersen på kvar si pute i kyrkjeruinane av den fjerde kyrkja i Vikebygd.  Sokneprest Martin Ivar Arnesen la hendene på dei og bad for brudefolket som valde å bli vigde til ekteskapet i parken nedfor kyrkja i Vikebygd.  Denne staden er frå tidlegare godkjent for kyrkjelege handlingar og vigsler, men det er ikkje dagleg kost at brudemarsjen tonar frå orgel her i det fri. Berre eitt par har nytta parken tidlegare, men det var sjølvsagt bryllaup i kyrka som stod her i tidlegare tider.


Kyrkjebladet Hyrdingen på web
Du har kanskje fått kyrkjebladet i postkassen din? Om du bur i Vindafjord så er nok det skjedd nå. Men dette bladet ligg og på internett.
Du finn heile årgangen
HER.


DIKTBOK MED ROT I VIKEBYGD
- Dikt til kvardag og høgtid!

 
Utgjeven av Vikebygd sokneråd med
dikt av Birgit Veastad Helland
 
- Boka er til sals hjå Vikebygd Sokneråd. 
Kontakt: Steinar Skartland. Tlf 90873170

 

Kyrkjelydsbladet Hyrdingen - klikk her
Hyrdingen på Internett
Her kan du laste ned og lese HYRDINGEN, kyrkjelydsbladet for Vindafjord, på internett.
Bladet kjem ut med 6 nummer i året til alle i Ølen, Skjold og Vikedal prestegjeld.  Finansiering er gåver / friviljug kontingent.  
Støtt bladet med ei gåve til: bank-konto: 3243.05.05202 
Send stoff, tekst og bilder til kyrkjelydsbladet Hyrdingen på e-post:
hyrdingen.kyrkjebladet@vindafjord.kommune.no 

Orgelet i Vikebygd kyrkje:
Vikebygd kyrkje har eit Van Vulpen orgel frå 1989.  Les meir om orgelet HER.
Arkitekt for Vikebygd kyrkje var:  Torgeir Alvsaker

Internettsidene for Vikebygd Kyrkjelyd i Vindafjord, vert haldne vedlike av Steinar Skartland


Tilbakeblikk

Kyrkjeåret 2011
Litt frå kyrkjeåret 2011

Kyrkjeåret 2010
Litt frå kyrkjeåret 2010

Kyrkjeåret 2009
Litt av det som har hendt i 2009 i Vikebygd vert samla her

Blomstergudstenesta 2010
Ein årleg og fin tradisjon er det å ta borna med i gustenesta. Dei ber inn blomar, syng og har oppgåver der. Då kjem mange til kyrkja i Vikebygd i alle aldrar.

Juletrefest på bedehuset
Laurdag 29. desember 07 samlast mange små og store til god gammaldags juletrefest på bedehuset i Vikebygd.

70-års jubileum og konsert i kyrkja..
Jubileet vart markert med konsert den 19. og gudsteneste og hausttakkefest den 21. oktober. Her var born, ungdom, vaksne og eldre med på kvar sine måtar

Bispevisitas mars 2007
I dagane 21.-25. mars var det bispevisitas i Ølen, Bjoa og Vikebygd. Eit allsidig program synte biskop Ernst Baasland breidda i kyrkje og kulturliv i prestegjeldet. Torsdagen var "Storfamilien" samla i Vikebygd kyrkje til gudsteneste.

Svingande fellesgudsteneste 8.januar 06
Det vart ei flott markering av samanslåinga mellom Ølen og Vindafjord i Skjold kyrkje, søndag 8. januar 2006. Fleire barnekor, vaksenkor, jazzorkester m.m deltok. Ordførar, varaordførar og rådmann var der, og alle prestane i det nye fellesråsområdet for Vindafjord. Vi referer her frå Grannar sin artikkel i avisa etter markeringa.

Dei skulle få sjå han i Galilea.
Engelen hadde sagt: "Skunda dykk av stad og sei til læresveinane hans: Han er oppstaden frå dei døde, og nå går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han." Dei var lydige også nå, og drog til galilea.