Kven er vi ?

Vikebygd kyrkje ligg i Vikevik, midt i bygda Vikebygd
i Vindafjord Kommune.

I tilegare tider, då Vikebygd var eigen kommune, var denne bygda kalla Austre Vikebygd.  Frå 1964 vart bygda ein del av  
Ølen Kommune.  Denne kommunen vart frå 1. januar 2002 overflytta frå Hordaland til Rogaland fylke.  Vikebygd sokn tilhøyrer nå Ølen prestegjeld i Nordre Ryfylke prosti, i Stavanger Bispedømme. 

Frå 1. januar 2006 vart Ølen og Vindafjord kommunar slutta saman til ein ny kommune, med namnet: Vindafjord.  Dette medførte også omorganisering av kyrkjene til eitt sams fellesråd. 

Representant frå Vikebygd til Fellesrådet er Dag Hans Nagel-Alne. 
Leiar i soknerådet 2008-2009 er Britt Nelly Ness Tveit. 
Sjå meir på eigen
side om soknerådet.

Den vakre, kvite kyrkja i mur har omlg 300 sitjeplassar og vart bygd i 1937, som den 5. i ei lang rekkje med kyrkjer opp gjennom tidene.  Du kan lesa meir om desse kyrkjene ved å klikka her.

Omgrepet "Ølen Prestegjeld" er nå teke bort, og erstatta av soknepresten
sitt primære ansvarsområde.  I praksis samsvarer dette med det tidlegare prestegjeldet. Då vår sokneprest har ansvar for 3 kyrkjer, vert det berre gudsteneste i kyrkja vår omlag 19-20 søndagar i året.  Dvs 1 - 2 gudstenester i månaden.  I tilleg vert det tilrettelagd fleire konsertar og musikkandaktar.

E-postadressa vår er:  soknerad@online.no

Telefonar:
Kyrkjeverjekontoret i Ølen:  Tlf 53 65 65 43
Prestekontoret i Skjold kyrkje: Tlf 52 76 73 81
Prestekontoret i Ølen:  Tlf 53 65 65 41 (faks 53 65 65 66)
Soknerådsleiar:   Tlf 53 76 91 92 / 91638083
Nestleiar:    Steinar Skartland Tlf 53769128
Sekretær:   Else T. Valen  Tlf  908 60 810

Vikebygd kyrkje:   Tlf 53 76 76 59
(Telefonen i kyrkja er ikkje bekjent, kontakt prestekontoret
eller kyrkjeverja som har kontor i Ølen).

I 2009 er desse tilsette ved kyrkjekontoret i Ølen:
Sokneprest Johannes Nedrelid
Kateket Britt Karstensen
Kantorar: Nelly & Juri Kotkowitch
Marit Hegrenes (prestesekr. Vikedal + kyrkjekontoret)

Inghart Lasse Tveit er kyrkjeverge for Vindafjord fellesrådsområde,
med kontor i Vindafjord Rådhus, Ølen.

Adresse til kyrkjekontoret:
Kyrkjeverje kontoret i Vindafjord
Rådhuset
5580 ØLEN
Telefon: 53 65 65 43
Telefax: 53 65 65 66
E-post: 
vk-felle@online.no
Dagleg leiar: Inghart Lasse Tveit / kyrkjeverje
----------------------------------------

Les historien om Dei 5 kyrkjene i Vikebygd, HER 

 

Vikebygd Kyrkje
Soknerådet
v/ Leiar Brit Nelly Ness Tveit
5568 VIKEBYGD
Telefon: Leiar 5376 9192 E-post: soknerad@online.no
Internett: http://kyrkja.vikebygd.org