Vikebygd Kyrkje
Nyhende i Vikebygd
Litt frå kyrkjeåret 2009
Litt frå kyrkjeåret 2008
Blomstergudstenesta 5.6.
Lenker til meir info
Juletrefest på bedehuset
Litt frå kyrkjeåret 2007
70-års jubileum og konsert i kyrkja..
Bispevisitas mars 2007
Konsert med Stephen Sirris -07
Fartein Valen og Bach i Vikebygd
1. Gudsteneste-lista
2. Tilsette i prestegjeldet
3. Soknerådet
4. Årsmeldinga
5. Laurdagsklubben
6. Tripp-Trapp
7. Musikkliv i Vikebygd
8. Bedehuset
9. Møter i Soknerådet
12. Kyrkjeorgelet og fargane

10. Send melding
11. Gjesteboka


Nyhets- og informasjonssider for Vikebygd kyrkje.
Vikebygd sokn i Vindafjord kommune Nordre Ryfylke Prosti - Stavanger Bispedømme
 Info side for VIKEBYGD finn du på:  www.vikebygd.org 
---------------------------------- Oppdatert 7. februar 2010 -----------------------------------------
Litt om:
Dåp - Konfirmasjon - Bryllup - Gravferd - Samlivsbrot - Ein å snakka med
-------------------------------------------------------------------------------------------------

Kyrkja vår i Vikebygd

For så elska Gud verda at Han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på Han, ikkje skal gå fortapt, men ha eit evig liv.

Gud sende ikkje sonen sin til verda for at Han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved Han.  (Joh. 3, 16-17).  

Les Bibelordet for dagen i dag, her 


Vi minner om fylgjande arrangement: GUDSTENESTENE vår 2010 ser du HER.

  • Gudsteneste 21. februar kl 19.00
  • Gudsteneste 21. mars kl. 11.00

 
Soknerådsleiar og klokkar Brit Nelly Ness Tveit, 
Prost Arne O. Øystese,
Sokneprest Johannes Nedrelid og
Kateket Britt Karstensen

 

 


Søndag og dåpsdag
Festdag med trippeldåp

Klikk her for å gå til artikkelen(2.8.2009) Det vart travelt for sokneprest Johannes Nedrelid som først hadde gudsteneste i Sandeid klokka 10, og så i Vikebygd klokka 12. Men i kyrkja i Vikebygd var 106 små og store samla. Mange av dei, både menn og kvinner, i flotte bunader. 

Første del av gudstenesta var innmarsj der 3 små jenter vart borne til dåpen.  Alle tre fekk med seg eit eige dåpsljos som vart tend under dåpen.  Og kanskje vart foreldre og fadrar litt overraska då kvart barn og fekk med seg dåpskluten som vart nytta til å tørka hovudet til barnet med.  Dei var laga på Madagaskar.  I tillegg hadde Marta Tveit brodert inn barnet sitt namn og dåpsdato.  Soknerådet i Vikebygd har vedteke å gje dette som gåve til kvart barn som vert døypt.  Slik får dei eit flott minne med seg frå dåpen.

Under talen fekk borna fargeleggja ei teikning og etterpå fekk dei koma fram og vera med på å syngja barnesongar.  Ei flott Gudsteneste feiring i kyrkja denne dagn.  Les meir HER.


Ny og betre lyd på gudstenestene

(25.09.09 Steinar S.)  Nå skal det bli betre lyd i kyrkja vår. Dei siste åra har den trådlause mikrofonen til presten hatt kontaktproblemer. Ofte har dette ført til ulyd og skurring, eller at lyden fell heilt ut.

 


Soknerådet er nå slik samansett:
Faste medlemar:
Brit Nelly Ness Tveit
Dag Hans Nagel-Alne
Steinar Skartland
Berge Thomas Velde
Ellen Skretteberg
Rolf Alne
(+ soknepresten som ikkje vert vald)
+ 5 varamedlemar i rekkefylgje:
1. Jenny Kristin Svendsbøe
2. Geir Mandius Vårvik
3. Marit Elise Erdal
4. Anna Marie Bjørnevik
5. Alfred Trovåg 
 

Kyrkja takkar Mary for tenesta
som kyrkjetenar i 19 år
(17.1.10  Steinar S) Under gudstenesta søndag 17. januar retta Kyrkjeverja ein stor takk til Mary Tindeland for teneste gjennom 19 år.  Ho har hatt ansvaret for at kyrkja har vore klar til kyrkjelege handlingar, både ved gravferder, vigsler, gudstenester og anna. I november bad ho om avløysing.  Kyrkjeverja overrekka gåve som takk og minne.  Sjølv meinte ho det hadde vore ei lett tenesta som ho hadde gjort med glede. 

Nå er utfordringa for kyrkja å finna ein ny kyrkjetenar i Vikebygd.  Ein som kan ta ansvaret for ljos og varme, ringing med klokkene, salmenummer på veggtavlene og tilrettelegging av utstyr og anna føre gudstenster.  Ein stillings på omlag 11 prosent.  Om det er ein i Vikebygd som kan tenkja seg denne tenesta så bed vi om at vedkomande melder seg til kyrkjeverja eller til soknerådet, minte Inghart Lasse Tveit om i slutten av takketalen sin.


Musikalsk julegudsteneste
(24.12.09 SS) Korpset spela både med eigne musikkstykke og til allsongen i kyrkja der 220 i alle aldrar var samla klokka 16.00 på juleafta.  Framme var juletreet pynta og ljosa tende.  Det flotte treet var ei gåve frå Reidar Bjordal og skal i romjula flyttast til bedehuset og brukast ved julefesten der 2. januar.  Helge Veastad spela gitar i samspel med Arne Tveit på kyrkjeorgelet.  Gudstenesteleiar var Gunnra Norenes, lærar og tidlegare misjonær.
Les merir her.

Ljosmesse med alle generasjonar 

(20.12.09) I starten av gudstenesta kom alle speidarane inn med tende ljos og stilte opp framme i koret.  Her song dei for kyrkjelyden.  Speidarane og konfirmantar las bibeltekstane og bønene som veksellesing.  Liturgi og tale var ved fengselsprest Arild Markussen.
Klikk her for eit stort bilde-Heller ikkje eg fordømmer deg, sa jesus til kvinna som var grepen i hor.
-Gå bort og synd ikkje meir, var oppfordringa ho fekk med seg derifrå. Mange som blir dømde for forbrytelsar dei har gjort kjenner det som godt å verte avslørte og få gjera opp, minte Markussen om i talen. Det er tilgjeving å få.

Speidarane tende ljos i ein stor trekross framføre alteret.  Mørkret i kyrkja og skinet frå dei tende ljosa ga ei fin stemning der dei nær hundre som var tilstades kunne delta i songen eller lytta til fin solosong.


Medarbeidersamling:
kyrkje-Bedehus-lag og foreningar
.
Torsdag 12. november var 30 ungdomar og vaksne samla på bedehuset for å snakka saman om arbeidet i kyrkje og bedehus.  Det er mykje godt kristent arbeid i bygda, men ofte fell ansvaret på dei same og på få.  Gjennom å finna fellesskap kyrkje-bedehus og spela på dei gode kreftene som alt er i aktivitet i TrippTrapp, Laurdagsklubb, Speidar, Foreningar sokneråd, bedehusstyre og ulike lag, klarer kristen-flokken å sjå framover, bretta opp armane og driva eit godt arbeid. Soknerådsleiar Brit Nelly Tveit oppfordra fleire til å vera med i ulike oppgåver. Medan leiar i bedehus-styret, Jens Tveit, peika på at Jesus er fikentreet og vi er greinene. Vi er ein del av treet - ikkje noko utanfor.  manglar det greiner så er ikkje treet heilt.  Mange gode idear vart lufta - og bygda ser framover og oppover.  
Hausttakkefest, innsetjing av kantorar, barnekor og dåpsfest

(18.10.09 Steinar)  Denne hausttakke-festen vart bKlikk herorna sin fest.  Laurdagsklubben fylte opp heile koret i kyrkja då dei stilte seg opp og song.  Så samla prost Arne Øystese borna i midtgongen, der han sjølv sette seg på golvet og tala til dei.  Det vart heilt stilt når han fortalde for den store barneflokken på ein måte så dei vaksne og kunne fylgja med.  Klikk herSpesielt var alle 4-åringane inviterte denne søndagen.  Ein etter ein kom dei springande fram for å få ei gåva av kateket Britt karstensen: Barnebibelen. Dei hadde fått vore i kyrkja på laurdagen og, så her var dei kjende. 
 

Klikk her for stort bileteInnsetting av dei to nye kantorane (organistane) våre, Nelly og Jurij Kotkowitch, hadde og fokus. 

Kyrkjeverje Inghart Lasse Tveit las opp tilsetjingsbrevet i starten av gudstenesta og ynskte dei velkomne.  Så delte dei på å spela gjennom gudstenesta.


Ny Biskop er tilsett
Erling Pettersen er utnemnd til ny biskop i Stavanger Bispedømme.  han tek til i stillinga i november.
Kva slags kyrkje den nye biskopen ser for seg, kan du lesa meir om
HER

DIKTBOK MED ROT I VIKEBYGD
- Dikt til kvardag og høgtid!

 
Utgjeven av Vikebygd sokneråd med
dikt av Birgit Veastad Helland
 
- Boka er til sals hjå Vikebygd Sokneråd. 
Kontakt: Steinar Skartland. Tlf 90873170

 

Kyrkjelydsbladet Hyrdingen
Bladet kjem ut med 6 nummer i året til alle i Ølen, Skjold og Vikedal prestegjeld.  Finansiering er gåver / friviljug kontingent.  
Støtt bladet med ei gåve til: bank-konto 3243.05.05202 
Send stoff, tekst og bilder til kyrkjelydsbladet Hyrdingen på e-post:
hyrdingen.kyrkjebladet@vindafjord.kommune.no 

Orgelet i Vikebygd kyrkje:
Vikebygd kyrkje har eit Van Vulpen orgel frå 1989.  Les meir om orgelet HER.
Arkitekt for Vikebygd kyrkje var:  Torgeir Alvsaker

Internettsidene for Vikebygd Kyrkjelyd i Vindafjord, vert haldne vedlike av Steinar Skartland


Nyhende i Vikebygd

Litt frå kyrkjeåret 2009
Litt av det som har hendt i 2009 i Vikebygd vert samla her

Litt frå kyrkjeåret 2008
Her er samla litt av det som hende i kyrkjelyden i 2008

Blomstergudstenesta 5.6.
Ein årleg og fin tradisjon er det å ta borna med i gustenesta. Dei ber inn blomar, syng og har oppgåver der. Då kjem mange til kyrkja i Vikebygd i alle aldrar.

Lenker til meir info
Her kan du finne linkar til meir informasjon om kyrkja og livet i kyrkjelyden og bygda Vikebygd.

Juletrefest på bedehuset
Laurdag 29. desember 07 samlast mange små og store til god gammaldags juletrefest på bedehuset i Vikebygd.

Litt frå kyrkjeåret 2007
Tidlegare hendingar er samla her

70-års jubileum og konsert i kyrkja..
Jubileet vart markert med konsert den 19. og gudsteneste og hausttakkefest den 21. oktober. Her var born, ungdom, vaksne og eldre med på kvar sine måtar

Bispevisitas mars 2007
I dagane 21.-25. mars var det bispevisitas i Ølen, Bjoa og Vikebygd. Eit allsidig program synte biskop Ernst Baasland breidda i kyrkje og kulturliv i prestegjeldet. Torsdagen var "Storfamilien" samla i Vikebygd kyrkje til gudsteneste.

Konsert med Stephen Sirris -07
Den 2. februar 2007 hadde kantor og sokneråd invitert til konsert i Vikebygd Kyrkje. Den dyktige og kjende organisten Stephen Sirris var invitert til å spela i denne vakre murkyrkja.

Fartein Valen og Bach i Vikebygd
Kantor Magne Bokn hadde samla musikkarar som saman framførte fleire verk av Fartein Valen og Johann Sebastian Bach på ein spesiell kyrkjekonsert i Vikebygd kyrkje torsdag den 28. sept. 2006.