http://www.mamut.net/rettnorsk
Hovedside

 

 


 

 

 


 


28.2.2007: I forhold til fokus ...

I tillegg til at ein god tekst bør vera feilfri, bør han vera klisjéfri. Det har kome ein farsott til landet. Denne farsotten treng ein ikkje vera lækjar for å stilla diagnose på: Hovudkjenneteiknet er ein hang til å nytta ord som dette: fokus, handla om, i forhold til, oppstart. 

I Statsspråk nummer 1/2007 (frå Språkrådet) set redaktøren Jostein Stokkeland fokus på ein del av komplekset:

 

Utan fokus blir livet betre

Som du veit, er det mykje fokus pokus i staten, og verre skal det bli. Les dette:

"Vår organisasjon skal ha fokus på sørvis og veiledning. Ved utvikling og drift er det nødvendig å ha fokus på mål og strategier. Det er viktig at vi har et stort ledelsesfokus på denne oppgaven."

Ja, slik skreiv dei, desse etnisk statlege fokusantane. Kva skal vi gjera med slikt fokuseri?

Vi skal spørja dei: Kva skreiv du før du lærde fokus? Var det ingen mål og strategiar og service den gongen? Og korleis ser eit ledelsesfokus ut? Slik kan du spørja deg sjølv.

Og så kan du tenkja: Teksten er betre utan fokus. Men det kostar litt meir å skriva då.

Nyheter
Ny side Definisjoner, lenke til venstre
Ny side: Språkbloggen