| Velkommen til
Bømlo er ein øykommune i Hordaland fylke.Kommunen ligg sentralt plassert midt mellom Bergen og Stavanger. Flateinnhaldet i kommunen er 247 km2 fordelt på omlag 1000 øyer, innbyggjartalet er cirka10 800. Du er aldri langt frå sjøen på Bømlo, med Nordsjøen som nærmaste nabo. Sjøen er også ein viktig faktor for reiselivsnæringa, der skjærgarden lokkar med holmar og øyar, lune vikar og kanalar. På Bømlo finn ein vekslande natur, frå det karrige landskapet ytterst mot havet, til meir frodige område mot sør-aust. Dersom du skulle få lyst til å vitja Bømlo som turist, kan stadar som Moster, Gullgruva på Lykling, og Brandasund til rådas. Espevær er eit lite øysamfunn i sør, her kan du mellom anna sjå ein UFO - ring og Hummerparken. På Rubbestadneset kan ein vitja den gamle Wichman smia med den fyrste 2HK motoren frå 1903. Ta deg ein tur til Bømlo og få ei oppleving du seint vil gløyma!! ![]() | |