/MAMUTSITE/SITEINFO/LOGOFILE
Nyheter
Objektsikring overtar alarmdrift i Ulstein/Hareid, og Ålesund
G4S tar forholdsregler vedrørende svineinfluensa
Kun 6 måneder til ISDNpak legges ned!
Strømbrudd svekker sikkerhetssystemet ditt - unngå dette med UPS
StatoilHydro med storkontrakt til G4S
Hovedside
Informasjon om virksomheten
Nettbutikk
Nyheter
Bedrift/Offentlig
FalckEye TV-overvaking
G4S Bustadalarm
Brannsikring
Fra media
Stilling ledig
Kvifor G4S?
Kundesider
Kontakt oss!
Ønsker tilbud på boligalarm
Tips oss om ny kunde
Meld deg på nyhetsbrev

Kvifor G4S?


Med G4S som medspelar, sikrar du bustaden din mot innbrot brann og vasskader.

Heim og familie er det viktigste vi har. Kva er då meir naturleg enn å skape ei trygg og sikker kvardag for desse? Meir enn halvparten av norske hushaldningar har installert bustadalarm. Dette fordi ein bustadalarm førebygger og hindrar skadeverk og gjer at menneske og verdiar er tryggast mogleg.


Når du vel G4S Bustadalarm er det godt å vite at:

G4S er verdas største tryggingsselskap.

Kva betyr det for deg som kunde? Vi har tilgang på den beste kompetansen og det beste utstyret. Samtidig som vi er lokalt forankra gjennom lokalt drivarselskap. Dette sikrar både spisskompetanse innanfor all mogleg form for sikring, samstundes som du har den nære og personlege kontakta med oss som arbeider her.

 

G4S var først ute med trådlaus, FG-godkjend*, bustadalarm.

Kva betyr det for deg som kunde? Vi har lengst erfaring med trådlaus alarmteknologi. Vi har vore gjennom alle "barnesjukdommane" og har nå eit svært driftssikert og trygt alarmutstyr som held den høgaste standarden. Eventuelle feil og manglar reparerar vi på staden.

 

G4S tenker på tryggleiken din - og berre det - døgnet rundt.

Kva betyr det for deg som kunde? G4S er eit reint tryggingsselskap. Vi sel ikkje varmepumper. Du får ikkje IP-telefoni frå oss (ikkje vanleg telefon heller, for den saks skyld). Det einaste vi jobbar for, er din tryggleik. Vi fokuserer berre på å trygge kvardagen til kundane våre - både gjennom tekniske løysingar og manuelle tenester. Dermed skulle det ikkje vere tvil om kva du får når du kjøper tenester frå oss.

 

G4S Bustadalarm er tilpassa deg.

Kva betyr det for deg som kunde? G4S har eit svært stort utval av detektorar og alarmutstyr. Når ein av tryggingsrådgivarane er på befaring heime hos deg, vil han eller ho kartleggje kva som er ditt behov, og tilpasse alarmen etter det. Samstundes som alarmen sjølvsagt blir prosjektert etter FG* sitt regelverk.Vi har magnetkontaktar, rørsledetektorar, røykdetektorar, vasslekkasjedetektorar, forskjellige alarm/panikknappar og nattbrytarar. Alt er trådlaust (berre sentralapparatet treng ei tynn lita straumleidning) for å vere mest mogleg fleksibel for deg.

 

*FG = Forsikringsselskapenes Godkjenningsnemd.

 

Få uforpliktande tilbod på alarm til bustaden din. Klikk her.



Tips en bekjent