Korleis verkar ein G4S Bustadalarm?
Ein bustadalarm frå G4S varslar tidleg om branntilløp, innbrot og/eller vasskader slik at desse kan hindrast og stoppast.
Mange bustader har varslingsutstyr som ikkje verker. Fordi G4S eig alarmutstyret og difor har ansvaret for vedlikehald og service, vil den alltid varsle om uønska hendingar. Vedlikehald og service (utanom batteribytte) på utlånsalarmar er gratis for deg som kunde.

Sentraleininga er bustadalarmen sin "hjerne" og vil, ved utløyst alarm, varsle operatøren ved vår FG-godkjende* alarmstasjon som straks iverkset dei avtalte tiltaka.
Sentraleininga er liten, omlag på størrelse med eit A4-ark, og bygger ca. 5 cm. ut fra veggen. Likevel er den full av funksjonar og moglegheiter for deg som skal bruke den. Nokre av dei viktigaste er: Alarmen har plass til 32 trådlause einingar og ein trådbasert tilkopling, Den har plass til inntil 32 brukarkodar, 4 trådlause beteningspanel og 19 fjernkontrollar. Alarmen kan også nyttast til ulike "smarthus"-funksjonar. Den har 24-timersklokke, og i displayet kan du t.d. lese i loggen kva som er dei siste 256 hendingane på alarmen. Alle detektorar er adresserte, slik at vi alltid veit kva slags detektor som gjev alarmmelding eller feilmelding.
Alarmen overvaker seg sjølv heile tida. Dersom t.d. signalet frå ei av detektorane vert borte frå sentraleininga, vil du få vite det gjennom varsel frå alarmen. I tillegg får vi inn den same meldinga på alarmstasjonen. Det same skjer dersom batterinivået på ein av detektorane byrjar å bli svakt.
Sist men ikkje minst har alarmen innebyggd GSM/GPRS/SMS/Ethernet-sendar. Dette betyr at vi ikkje er avhengig av telefonlinje i huset ditt for å montere alarm hos deg. Alarmen nytter ulike overføringsmetodar alt etter kva som er tilgjengeleg på staden. Dersom kontakta mellom alarmen din og alarmstasjonen vår fell bort, vil vi også få vite om det - og kan varsle deg.
Alarmen er FG*-godkjend, og har godkjenningsnummer: S-221/08.

Røykdetektoren frå G4S er på marknadens høgaste nivå, og er "EU-godkjend".Det vil seie at den har DSB sin EN 54-7 godkjenning - i tillegg til at den er FG*-godkjend. Den er optisk og "ser" røyk og forbrenningsgasser.
Optiske røykdetektorar arbeider vanleg vis etter lysrefleksjonsprinsippet, og reagerer svært godt på store røykpartiklar. Desse utviklast i særlig grad under ein ulmebrann. Ikkje minst ved brann i kabelisolering, kunststoff (PVC), olje, fett og oljehaldig støv. Optiske detektorar er den mest brukte røykdetektoren i dag.

Ein trådlaus rørsledetektor varslar sentraleininga om aktivitet i rommet den er sett til å overvake. Sentraleininga varslar så G4S sin alarmstasjon som set i verk dei avtalte tiltaka.

Ein vassdetektor oppdagar fukt/vatn og varslar sentraleininga som igjen varslar G4S sin alarmstasjon.

Magnetkontakta settast på døra i bustaden for å varsle om uønska inntrengarar. Dersom magnetkontakta blir broten utan at kode blir tasta på beteningspanelet, sendast signal til sentraleininga som varsler G4S sin alarmstasjon.
Magnetkontakta er også fin å bruke til såkalt "skallsikring". Dvs. sikring av dører og vindauge, slik at du fritt kan bevege deg innandørs utan å utløyse alarmen. Luker, lemmer, porter ol. er også døme på stadar som kan sikrast med magnetkontakt.

Ved inngangsdøra plasserer vi det trådlause beteningspanelet som du aktiverer/deaktiverer innbrotsalarmen med.

Med fjernkontrollen kan du også betene alarmen din. Den kan brukast til å skru av og på alarmen. Samstundes har den ein "panikknapp" som du kan bruke til å varsle oss ved behov.
Av anna utstyr kan vi nemne: Trådlaus nattbrytar; skru av og på alarmen fra t.d. senga. Trådlaus "panikknapp"; utløyser alarm når du trykker på den. Trådlaus sirene; dersom du har stort hus, og ønskjer ekstra kraftig varsling ved alarm, i tillegg til sirena på sentraleininga. Trådlaus repeater; dersom det er ekstra lang avstand mellom detektor og sentraleining.

Bustaden blir tydeleg merka med alarmskilt. G4S er første tryggingsselskap i Noreg som har årsoblater hos alle bustadkundane sine. På denne måten kan alle sjå at huset er sikra med eit oppdatert alarmanlegg som er kobla til ein alarmstasjon, med reaksjon dersom alarmen skulle bli utløyst. Dette utnytter maksimalt den preventive effekten alarmskilta har.
Kvifor velge G4S? Klikk her
*FG = Forsikringsselskapenes Godkjenningsnemnd