| Retur- og reklamasjonsrett | | | 1 Angrerett - angrerettloven av 21. desember Nr. 105 2000
Forbrukar kan gå frå avtalen utan å oppgje nokon grunn innan 14 dagar etter at Mori AS (heretter kalt Mori) har oppfylt si opplysingsplikt jfr. angrettlova og vara og angrettskjema er motteke. Dersom Mori ikkje oppfyller si opplysingsplikt, eksempelvis let vere å overlevere det obligatoriske angrefristskjema seinast ved levering av vara, vert fristen utvida til tre månader.
Forbrukar må gje melding til Mori dersom angreretten vert nytta. Fristen er overholdt dersom meldinga er send innan fristen. Det vert ikkje stilt formkrav til meldinga, men denne bør av bevismessige årsaker vere skriftleg.
Dersom vilkåra for angrerett er oppfylt, pliktar Mori å attendeføre alle faktiske kostnadar til forbrukar v/kjøp. Returkostnadar må forbrukar betale sjølv, med mindre Mori har mislegholdt avtalen eller Mori iht avtalen har levert ei erstatningsvare, fordi den bestilte vara ikkje var tilgjengeleg.
For at angreretten skal gjelde, må produktet vere levert oss i tilnærma samme mengde og stand som du mottok det. Alle produkt skal leverast attende til oss innan rimeleg tid. Angreretten kan ikkje nyttast dersom produktet er opna, dette grunna krav til hygiene på denne type produkt.
2 Reklamasjon - Forbrukerkjøpslova av 21. juni Nr. 34 2002
Viss det vert oppdaga ein feil eller mangel må forbrukaren innan rimelig tid etter at han eller ho oppdaga eller burde ha oppdaga den, gje Mori melding om at han eller ho vil reklamere. Fristen for å reklamere er allikevel ikkje kortare enn to månader frå det tidspunkt då forbrukaren oppdaga mangelen. Viss forbrukaren ikkje reklamerar i tide, tapar ein retten til å gjere mangelen gjeldande.
Melding om feil og manglar ved produktet kan du gje oss skriftleg eller muntleg. Av bevishensyn tilrår vi at reklamasjonen vert send oss skriftleg. Me vil skriftleg stadfeste mottak av alle reklamasjonar. Me vil også skriftleg stadfeste mottak av varer som vert send attende til oss for inspeksjon.
Dersom det ligg føre ein mangel ved produktet, og forbrukaren har reklamert innan dei nemnde fristar, kan forbrukaren gjere gjeldande følgande:
Holde kjøpesummen attende
Kreve heving dersom mangelen ikkje er uvesentleg
Som hovudregel har ikkje Mori krav på å gjere meir enn to omleveringar for samme mangel. |
|
|
| |
|
|
|