Kommentar til TV2s dokumentar om "Barnemisjonærene".

Dette er et innleg skrevet av Torgeir Tønnesen. Han utfordrer lederne i Trosbevegelsen til å klargjøre sitt forhold til teknikker som brukes ved bl.a. innsamling av penger.



Tv-2 dokumentaren: Levende Ord må ta sjølvkritikk

Inntrykkene fra Tv-dokumentaren "Barnemisjonærene" har sjokkert og engasjert både truande og vantru.
Det gjekk tydelig fram av programmet at det var uorden og merkverdigheter som rådde på møtene som misjonsteamet var med på.

Kollekten som vart teken opp var ikkje berre ein "overdrivelse", slik talsmann for LO,- Bjørn Hammerstad framstiller det,- den var verkeleg eit grovt overgrep imot barna. Når barn blir manipulert på denne måten er det ikkje berre villeiande i det som har med kollekten å gjere , men det øydelegg òg barna sitt Gudsbilete og Gudsforhold. Her må Levende Ord ta sjølvkritikk.

Det er fleire årsaker til det:
Barn og ungdommar si Gudstru er ofte svært sårbar for påverkning. Som Lærer gjennom fleire år har eg ein viss kjennskap til korleis Barn og unge taklar press og konflikter. I denne alderen har barna vanskelig for å skille seg ut og stå for eigne standpunkt. Særskilt gjeld dette i "åndelige" spørsmål. I staden er det oftast opinionsleiarane i flokken som bestemmer kva ein skal meine og tenke.

På overflata kan ungdommer verke modne og reflekterte, men under press kjem usikkerheten fram. Usikkerheten er `og eit sunnhetstegn, fordi det tar tid å forme identitet og personlighet. Det er altså sosiologiske mekanismer i ungdomflokken som danner interesse- og meiningsgrunnlag.

Det blir derfor heilt feil,- det som barna hevdar i avisa "Dagen"(13.nov.) at dei kan tenkje og ta avgjerder heilt på eigen hand. Til dèt manglar dei både kunnskap og intellektuell og kognitiv modenhet.

Utenom foreldra er det ofte eldre ungdommer og ungdomsleiarar som er blant dei sterkaste førebilete og rollemodellar. Dei har derfor svært stor påverkningskraft.

Når barna vert "overkjørt" av ungdomleiarar i "Guds navn" slik vi såg på dokumentaren, er det derfor "dobbelt" konfliktfylt. Det kan i verste fall rive bort den sjøre trua dei allerede har.

Barna kjem i ei klemme mellom Gudsrelasjonen(samvetet), og sin eigen forstand. På den eine sida ser dei for seg at Gud vert skuffa om dei ikkje gir pengar i kollekten. På den andre sida seier forstanden dei at " her er noko som ikkje stemmer".
Så vert dei forvirra.

Ungdomsleder Tor Håkon Eiken gjorde eit tappert forsøk på å "lege skaden" ved å snakke med barna etterpå, men då var det for seint. - ein stor del av Norges befolkning hadde allerede vore vitne til at kristne hadde "skjemt seg ut nok ein gang".

Korleis kan så slikt forekomme for åpen scene?
Eg trur svaret ligg i den særprega "møtekulturen" og som gjer seg gjeldande i nyare karismatiske miljø.

Enevald Flåten og Trosbevegelsen må gå i seg sjølv og klargjere kva slag Gudstjenesteform dei ønskjer å ha. Skal amerikanske trendar og skikkar være normgivande for vår kristendomsforståelse?
Unge trospredikanter henter sin inspirasjon fra kjendispredikanter i Amerika, -Benny Hinn , Copeland osv. Dette kristenmiljøet er kjent for bl.a. lange og suggererende kollekttaler.

Vi husker f.eks dei store overskriftene i Bergens Tidende etter at Benny Hinn var i Bergen i 1995. Han forlangte fleire hundre tusen kroner for å holde eitt møte,- pluss alle sine utgifter dekt. Denne kollekt-kulturen er derfor slett ikkje framand for Levende Ords medlemmer. Trosbevegelsen har òg ein (u)kultur med å benytte unge og uerfarne predikantspirer i tjeneste uten at dei har den nødvendige visdom og audmjukheit. Magnus Persson som hadde "regien" for denne kollekten i Tv-2 dokumentaren, har vore hovudtaler på Levende Ord sine møter ei rekke gonger. Han har undervist barna der i mange år,- bl.a på sommer- og nyttårskonferanser.

Det må òg stillast spørsmålstegn ved ei møteform som innebær "roping og falling".
Særskilt gjeld dette for ungdomsmøter. Finnes det bibelsk belegg for denne praksisen?

Vel gjorde Jesus underlige ting iblandt,- som dei religiøse ergra seg over, men han gjekk ikkje omkring og fekk folk til å falle overende. Ofte var han ikkje eingong i fysisk kontakt med dei han lekte. Eg veit at Trosbevegelsen lærer at både Esekiel og Johannes låg "flat ut".- "henrykt i Ånden".

Men eg kan ikkje sjå at det har noko å gjere med det som vert praktisert i fornyelsesmenigheter i dag.
Fornyelsesmenighetene treng å gå iseg sjølv og ta sjølvktitikk når ein tabbar seg ut. Dei må tilkjennegi at mykje av "karismatikken" som har funne stad, ikkje har bidratt til å forandra den åndelige situasjonen i Norge.

Dei føyer seg i beste fall inn i ei rekkje av menneskelig kraftforsøk på å utbre evangeliet og få mennesker frelst.

Torgeir Tønnesen