Informasjon om virksomheten

FERIESTADEN LIE, TOKKE KOMMUNE

Lie ligg idyllisk til på Åmdals Verk, 15 min frå Dalen i Tokke kommune i Vest Telemark.

Her finn du fjell Norge med skog og lier, elvar, fjell og vatn.

Fjelllandskap med stigande fjell rundt omkring, gjev eit godt og stabilt klima sommar som vinter. Grasproduksjon og husdyrhald er ellers ein viktig del av næringsgrunnlaget. I sommarhalvåret beitar storfe og sau på utmark og fjellbeite. Det er godt ørretfiske i fleire elvar og vatn. Viktige service senter er Dalen

(15 km)  Vrådal (30 km)

Distriktet har vegsamband nordover til Rauland og Rjukan, sørover til Vrådal og Fyesdal, austover til Morgedal, Seljord, Bø og vestover over fjellet til Setesdal, Sirdal og Lysebotn. Dalen har ekspressbuss i tilknytning til riksvegruter til Vestlandet og Oslo. Dalen er endestasjon for kanalbåten Victoria frå Skien.

Det er eit vakkert landskap med hittil liten turisttrafikk. Langs vegane er det fin utsikt over landskapet. Bilturisten har mange vegar å velje mellom, der trafikken er liten. Dei viktigaste turistmåla i Vest Telemark kan nåast på 1 til 3 timar. Lie er ein roleg feriestad for den fiskeglade, inspirerande for deg som søkjer aktivitet og spenning på fjellet, eller i skogen på bær og soppsanking. Likar du turgåing i fjellet er dette staden. Skiferie om vinteren og påske, er også aktivitetear vi kan tilby.

HANS & GRETHE HYTTA 1987, 9 SOVEPLASER, 67 KVADRAT.

 

Dette er ei koselig usenert pent restauret og veutstyrt våningshus på fin utsiktstomt. Frå hytta er det breitt fjellutsikt og kun 150 m til elva. Her fins det privat fiske og badeplassar. Det er i dag ei koselig god hytte med stove, bad med dusj, wc, 2 sove-hemsar med 4 dobbeltmadrasser og 1 ekstra seng. Av utstyr nemner vi vedomn, farge- TV, komfyr m/steikeomn, kaffitraktar, brødristar, oppvask -maskin, barnestol, utemøbler og grll. Hytta har god og skjerma uteplass, staden er barnevennlig. Det er kun 1 km til nærbutikken og 15 km til Dalen, med større butikkar, bensinstasjon, bank og turistinformasjon. Dalen er kommune sentrum. Parkering ved hytta. Ein utmerka stad for alle.

STABBURSLOFTET 1994, 4 SOVEPLASSER, 20 KVADRAT

Eit koseleg og særprega laftehus. Stabbursloftet har kjøkkenkrok med plass til 4. Av utstyr nemner vi: To platers komfyr, kjøleskap, innlagt vatn, kaffetraktar og utemøblar. Sovehemsen har to senger, pluss to madrasser, farge TV etc.

Stort bad og toalett pluss eit opphalds-rom er i nabohuset ( 15 m) med egen inngang. Parkring ved huset. Det er 100 m til eva med bade og fiskeplasser.

HYTTE VED RIKSVEGEN, 1995, 4 SOEPLASSER, 25 KVADRAT.

Eit koseleg lafta hus ved riksvegen som tidligare vart nytt som kiosk. Hytta har 4 senger, spisebord, stort kjøleskap, mini komfyr med to plater og steikeomn, kaffitraktar og TV.

Det er ikkje innlagt vatn (må bruke vannkanne), men det er vaskekumm med avløp. Hytta er godt isolert og har termostatstyrt panelomn. Parkering ved hytta. Rett utafor er det feire likeapparater og utemøblar. Dusj og WC i nabohuset (30m) med eigen inngang. Ned til elva med eige bade og fiskeplassar er det 200 m.

 

 

 

 

 

Lie Hytteutleige
Åmdals Verk
3880 Dalen
Telemark
Telefon: 905 41 406 E-post: tjlie@online.no
Internett: http://www.mamut.com/liehytter