Langvin Gjestegard tilbyr eit breitt spekter av reiselivstenester for grupper og slutta lag: Overnatting, matservering, møte- og kursopplegg, selskaps- og jubileumsarrangement, og uteaktivitetar og opplevingar i tilknyting til opphaldet.
For individuelle gjestar tilbyr vi leige av gjestehus med sjølvhushald, evt. frokostkorg, leige av stølshus, leige av den gamle prestegarden. I prestegarden driv vi fast galleri, og har fleire salsutstillingar i året.
Driftsselskapet, Langvin Gjestegard, vart etablert 1997. Driftsselskapet leier det meste av bygningsmassen på garden Langvin, ein del av utearealet, mellom anna store grøntområde rundt bygga, eit område avsett til framtidig grønt-produksjon, ein stor eplehage med vel 300 epletre, setra og skogen.
Sjåbeskriving av dei einskilde tilboda i hovedmenyen.
Historikk
Langvin er den største, og ein av dei eldste gardane i Innvik Langvin var prestegard frå tidleg middelalder. Bruken av det gamle bustadhuset frå 1759 som prestebustad varte fram til 1962, mens resten av garden gjekk over i fylkeskommunal eige som jordbruksskule frå 1949. Jordbruksskulen vart nedlagt i 1995.
Eigedommen og eigaren, Stiftinga Langvin
Stiftinga Langvin vart oppretta i 1997, av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Stryn kommune. Samstundes løyvde fylkeskommunen midler til oppussing og renovering av dei bygga på garden som var mest nedslitte. Hovudbygget, oppsett som skulebygg på 1960-talet, sto klart september 1998 etter ei omfattande oppussing. Det gamle prestegardshuset frå 1759 sto ferdig renovert hausten 1999. I planane til stiftinga ligg opparbeiding av hageanlegg rundt presgarden, med visningsurtehage og grøntproduksjon. Planane for uteområda er førebels ikkje gjennomført.
Stiftinga Langvin eig heile garden, med over 30 hus med stort og smått, frå seter i Innvikdalen til naust ved fjorden, og med dyrka mark, utmark og skog. Garden har mjølkekvote på 100.000 l. Frå 2003 går gardsdrifta inn som ein del av Hilde Fellesfjøs. Øvrige bygg, med store grøntareal rundt, blir utleigd til driftsselskapet Langvin Gjestegard. Driftsselskapet er frå 01.01.2003 overtatt av Stiftinga Langvin, frå dei tidlegare private eigarane, som dreiv Langvin frå 1997 til 2002.