Hyllestad Trekkspelklubb vart starta i 1980 men skifta seinare navn til Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb. Dette vart gjort fordi halvparten av medlemmane kjem frå Lavik området. Klubben tel i dag åtte aktive, men vi har vore opp i atten. I 1992 reiste vi saman med dansegruppa i Kyrkjebø ungdomslag til Midtvesten i USA i samband med utvandrar jubelèet, og helt ein rekke konsertar med fulle hus over alt. I 1998 reiste vi til Skottland samen med Brekke Trekkspeklubb, dette var meir som ein ferie, men litt speling vart det òg blant anne i Aberdeen, Holy Island og på tilbaketuren ombord i båten. Vi har vore med fleire gonger i NTL's distriktsuttaking, der vi har både gull sølv og bronse.