| Dagsturer |
| Vi kan i år tilby dagsturer som vert lagt opp etter kva type gruppe som kjem. |
F.eks.:Grupper med barn: Henting med hesteskyss og omvisning på øya. Dersom det er ønskelig, stikk vi innom Landøy stein og ser på utstillingane. Der er det mogleg å kjøpe suvernirar frå Værlandet. Deretter tar vi turen til stranda. Der kan ungane få ri på shettisar medan dei vaksne anten solar seg eller, dersom dei kan ri, låner seg ein hest og rir seg ein tur. Eller De kan gå på fottur til Høgkletten. Så reiser vi atende til stallen. Der vert det mogleg å kjøpe mat, is og brus for dei som ikkje vil ete ei svett nistepakke. Deretter vert det riding resten av dagen. Ein slik dag på ca. 5-6 timar kostar 300,- pr. pers. Vi gir rabattar til familiar på 4 eller fleir og store grupper. |