HeimVegen

Om oss
Natur og friluftsliv
Kultur
Helse
Inn-På-Tunet/Grønn omsorg

Kontakt oss

Inn-På-Tunet/Grønn omsorg


 


Tilbod ; Deltaking i gards-og skogsdriften som me har på Aalstveit. Dette kan lett tilpassast kvar einskild sin kapasitet til fysisk aktivitet i frisk luft. Arbeidet / aktiviteten kan føregå inne eller ute avhengig av ver og føre. Me legg vekt på tryggleik og eit triveleg arbeidsmiljø samt rådgjeving om arbeidsstillingar og -teknikk. Tilbodet er eit ledd i den heilskapelege gardsverksemda vår; HeimVegen  Det følgjer ein liste over høvelege arbeidsoppgåver;

Foring og stell av dyr (Storfe, sau og hest).
Skogsarbeid, tømmer og ved.
Arbeid med jorda.
Arbeid i kjøkkenhagen.
Gjerding og laging av gjerdestolper frå eige virke.
Rydding av beite/kulturlandsap.
Snekkering og handarbeid/rep. av utstyr.
Stølsarbeid.
Handtering og bearbeiding av slakt, ull, skinn og horn

Innanfor denne lista ligg potensialet for arbeidstrening som kan føre til meir sjølvstendig arbeid for nokon; Rydding av kulturlandskap, oppsetjing av gjerde og ymse snikkering i samband med bygningsvedlikehald o.l. kan føre til sjølvstendig arbeid i oppdrag for dei mangfaldige hytteeigarar i Hemsedal som representerar mange attgrodde tomtar.  

Ein del av inntekten vår kjem frå nisjeprodukson. Dette vil me vidareutvikle og for Inn-På-Tunet deltakarar, bl.a. læring om handtering og vidareforedling av slakt, ull, skinn og horn frå storfe og sau. Røynslene her kan takast vidare.

HeimVegen held kurs og dagsturar i friluftsliv, natur og kultur. Einskilde deltakarar med interesse og evne til slik kan også få grunnleggjande opplæring i vår form for vegleiing (guiding) i gards- og utmarksturisme og kan vere med på ymse oppdrag. Dette kan ogso vere eit grunnlag for arbeid eller utdanning etter kvart.

 

Arbeid og Aktivitetar  for ungdom på Aalstveit


Under er eit utval av aktivitetar som er eigna til skuleklassar, elevar med lærevanskar m.m.

Landbruk:

Stell av dyr (mjølkekyr, sau og hest)
Skogsarbeid
Arbeid med jorda
Arbeid i kjøkkenhagen
Gjerding
Rydding av beite/kulturlandsap
Snekkering
Stølsarbeid (bl.a ysting)


Friluftsliv:

Turar til fjells og til skogs
Overnatting i telt og lavvo
Skitradiasjonar
Kano og båtturar
Fisketurar


Naturterapi:

Massasje
Soneterapi
(Rosenterapi)


Fysisk-/psykiskfostring

Meditasjon
Chi kung  
Wado-Ryu Karate
Tai chi chuan
Iaido


Handverksarbeid

Spinning og karding av ull
Lage vidjespenn
Trearbeid
Rosemaling

+4732060620 +4732060620 jwilson@online.no