| 
På garden Aalstveit driv me økologisk landbruk med hardføre storfe og Gamalnorsk Spælsau som går ute året rundt. Frå desse foredle me øko-kjøtt, skinn og ull heime. Skogen blir drive noko tradisjonelt - tømmeret blir kjørt ut med hest - virket blir saga lokalt til eige bruk, og overskotet solgt til Viken skog. Hesten blir ogso brukt både i vedaskogen, ein annen inntektskilde, i potetåkeren og i kjøkkenhagen.
Kirsten er utdanna agronom, har over 12 års røynsle som terapeut i Klassisk Massasje og Soneterapi, og, etter tre års deltidsutdanning, er no igang med praksisåret i Rosenterapi. Kirsten har ogso mykje praktisk røynsle med handverk, folkedans, friluftsliv og kultur.
Jeremy er oppvaksen på gard, er utdanna cand. mag (batchelor of Arts, Honours) i Scandinavian Studies ved Universitet i Newcastle, er utdanna vegleiar i friluftsliv og kultur ved Norges Høgfjellsskole og har 23 års røynsle med Meditasjon og Karate. I dei siste ti åra har han arbeidd aktivt med dagsturar, kurs og seminar med tema som; friluftsliv - på ski og til fots, gardsbesøk og skogstradisjonar, skredsikkerheit i vinterfjellet, meditasjon, stresshandtering, sjølvforsvar, karate m.m.. |