VINTERFRILUFTSLIV og ZEN

Ei helg i natur-glede og merksemd for friluftsfolk som vil utforske grensa til ei djupare naturoppleving.
Dette er ei fordjuping i tradisjonelt, naturleg friluftsliv ved hjelp av velprøvde og praktiske Zen og Taoistiske øvingar: gjennom desse kan me oppleve større jamvekt, djupare ro og dermed bedre innsikt i landskapet. Det indre og det ytre som eitt. Desse øvingane omfavnar; Sitje- meditasjon, ski-meditasjon, bål-meditasjon, djup avspenning, einskilde Tai Chi og Chi Kung øvingar.
Etter oppmøte og innleiingsrunde på fredagskvelden blir det ei innføring i grunnleggjande sitja- stå- og gåstillingar, samt tilhøyrande merksemd- og pusteøvingar. Desse blir utvikla og brukt aktivt på skiturer om dagen. Me startar og avslutte kvar dag med meditasjon, og elles dyrkar med stille, ro og fred. Likevel skal me avsetja god tid til spørsmål og diskusjon. Me ser særleg på korleis Taoismen, Zen Buddhismen og naturleg norsk friluftsliv har mykje å gi kvarandre. All vegleiing hendar i ein trygg, roleg og avslappa stemning.
Stad; Nørelistølen i Hemsedal.
Tid; 17. - 19. februar. 16. - 18. mars.
Pris; kr.1,500,- pr. helg (inkl. vegledning, mat og opphald).
Påmelding med betaling ein måned i førevegen.
Utstyr; Varme og vindtette kleder, høvelege ski og støvlar til fjellterreng, gamasjar, ryggsekk, ekstra kleder, sovepose ,termos (helst stål), tannbørste o.l. skismørning, solbriller,kamera meditasjonskrakk eller -pute om du har.
For meir opplysning og påmelding kontakt: HeimVegen, 3560 HEMSEDAL Tlf.&fax 32060620 (kl.16.00 ? 18.00). Web sider; www.heimvegen.com E-post; info@heimvegen.no
Merk! Turar og kurs kan ogso skredarsyast. Kontakt Jem Aalstveit Tlf. 32060620 el. sjå på www.heimvegen.com
DAGSTURAR MED HEIMVEGEN

Ver med på ein dagstur i Hemsedalsfjellet med ein småbrukar og vegleiar i friluftsliv som bur her og er godt kjend med området. Me tilbyr ein liten innsikt i den lokale fjellnaturen og -kulturen , og smake litt på slike emne som: snø og skred, fjellver, plante- og dyreliv, lokale tradisjonar, kultur og historie. Turen varer ca. 7 timar inkl. dugurd´n (lunsjpause). Turlengden blir avhengig av ver og føre i tillegg til gruppas evne.
Små grupper; max 7 stk.
Møteplass; Ved turistkontoret i sentrumet 09.30
Datoar; Dei fleste torsdagarr. Andre dagar kan avtalast.
Pris; kr.1200,- pr. gruppe (inkluderer vegleiing og transport).
Påmelding til Turistkontoret. tlf. 320600156. Frist; måndagen før turen.
Utstyr; Varme og vindtette kleder, høvelege ski og støvlar til fjellterreng, gamasjar, dagstursekk (godt å sitja på), niste og termos (helst stål), skismørning, solbriller.
Språk; norsk og engelsk
Vel møtt til ein triveleg og lærerrik fjelltur!
Merk! Turar og kurs kan ogso skredarsyast. Kontakt Jem Aalstveit Tlf. 32060620 mob.90656407, e-mail; jwilson@online.no el. sjå på www.heimvegen.com |