|
|
 |
 |

HeimVegen står for vegen heimatt - til ein meir naturleg livstil, der friluftsliv, kultur og tradisjonar, naturterapi og naturleg helse står i ein avgjort og medveten heilskap.
HeimVegen er drive av Kirsten Aalstveit og Jeremy Wilson frå garden deiras, Aalstveit, i Hemsedal.
HeimVegen er ei unik oppleving av Natur, Kultur og Helse
Natur Hemsedal er ei naturperle med høge fjell, skogkledde dalar og mange vakre vatn og elver. Her tilbyr me kurs, dagsturar og seminar i naturleg friluftsliv - på ski og til fots, på fjellet og i skogen. Klikk Her
Kultur HeimVegen tek utgangspunkt i slektsgarden, med tradisjonelle hus både heime og på stølen i eit stemningsfylt kulturlandskap der blodbandet går, gjennom Kirsten, attende til norrøn tid. Ektemannen Jeremy har teke med seg ein skotsk/keltisk kulturarv samt mange års praksis i meditasjon, kampkunst o.l. frå Japan, Kina og Vietnam. Kulturelle tilbod; Gards- og skogsopplevingar, Stølsvitjing, Kulturlandsskapsturar,Wado Ryu Karate, Taikiken (Tai Chi Chuan), Iaido m.m.. Klikk Her
Helse Eit økologisk miljø i vakre omgjevnadar med stillheit, ro og opplyftande utsikt over dalen og fjellet. Naturleg Helse tilbod; Rosenmetoden, Reiki, Klassisk Massasje, Soneterapi, Stresshandtering, Meditasjon, Ki-Ko (Qi Gong) m.m.. Klikk Her
I tillegg tilbyr me;
Team Building
Grønn Omsorg/Inn-På-Tunet |
|
|
|
|
|