
Om hytta
Hytta er bygd i 1962 medan annekset kom på plass i 1980. I annekset ligg óg toalett (Bio-do) Gudbrandsdalslaget overtok hytta i mai 1995.
Det heile ligg på ei tomt på 1,3 mål med blomster, bærbusker, frukttre og godt med tumleplass.
Hytta er ikkje vinterisolert.
19 soveplassar
Hytta ha soveplassar til 19 personar fordelt på tre rom i hytta og eitt i annekset. Alle soveplassane er utstyrt med madrass, dyne og pute. Dei besøkande tek sjølv med sengesett eller lakenpose.
Ved større arrangement er det godt med plass til flatsenger og fine tilhøve for å slå opp telt på plenen.
Kjøkken
Hytta har stort kjøkken med kjøleskåp (kjøl/frys), komfyr og dekkety til 100 (!) personar. Ein finn óg vaffelgjern, kaffetraktar og det meste ein treng av kjøkkenreiskap for å utføre kjøkkentenesta.
Ved sida av kjøkkenet er det eit lite vaskerom. Hytta har innlagt sommarvatn frå privat vassverk, men det kan vera lurt å ta med ferskvatn heimefrå til matlaging, kaffe og te. Kran for ferskvatn er i Son, på grusplassen før ein kjem til første butikken.
|
|

|
Peisestove
 |
|
Hytta har ei koseleg peisestove med utgang til terrasse og plen. Ved sida av peisestova er det ei stove med langbord og stolar til 14 personar. Vedovn kan vera god å ha dersom det blir kjøleg i huset vår og haust.
|
|
|
|
Badeliv
|
Hytta ligg ca. 300 meter frå offentleg strand og brygge i Kjøvangen. Ein badeflåte ligg ved badeplassen frå slutten av mai til byrjinga av september.Det er óg andre strender i nærleiken. Gudbrandsdalslaget har eigen båt som kan nyttast av lagsmedlemmene.
|
|
 |
Uteliv
Om sommaren er mange av aktivitetane på hytta lagt utandørs. Ein skal leite lenge etter meir barnevennleg (og bortimot bilfri) plass. Hytta har utemøblar med sitteplass til 10 personar, itilleg kjem 15 stolar. Det er óg grill på hytta.
For dei minste vil nok den store trampolinen væra populær.
Korleis ein kjem til hytta
Det er lagt ut kart og køyreanvisning som kan lastast ned frå nedlastingssida eller frå botten av sida her.
Prisar:
| Overnatting medlem |
kr. 40,- |
| Overnatting ikkje-medlem |
kr. 80,- |
| Leige av heile hytta (til priv. arr.) |
etter avtale |
Alle prisane er døgn-prisar.
Kontaktperson:
Bengt Morken
Telefon (p): 22 57 01 98
Telefon (m): 41 42 21 82
e-post: bengt@morken.no