Vårt korps i Sør-Afrika

“Vårt” korps i Sør-Afrika.

Musikk som bygningsmann, der tankar ikkje dur og ord ikkje kan

The Shatterprufe Northern Eagles er korpset som heretter vil vere “Harams-korpset” i Sør-Afrika. Det føreslår Retha Cilliers som er leiar av Field Band Foundation, korpsrørsla i Sør-Afrika.

The Shatterprufe Northern Eagles i Port Elizabeth vart kåra til nasjonale meistrar i Sør-Afrika i år, og hadde ein fantastisk framføring under meisterskapen, fortel Retha Cilliers. Dette korpset har forresten også nett spela ved ein landskamp i cricket mellom Sør-Afrika og Sri Lanka, og dei har opparbeidd seg eit godt rykte.

Korpset har ein fantastisk tromme-gruppe, som opptrer over heile byen og er mykje etterspurd elles også.

 

Marcellus Welman

Leiar og dirigent for dette korpset er Marcellus Welman, ein framifrå leiar og eit eineståande menneske. Marcellus har klart å få til ei skikkeleg god lagånd i korpsa sine, og ungdommane likar har svært godt. Han er også med i styret av Field Band Foundation.

Dansande korps

Korpset har i dag 120 aktive, -musikarar og dansarar (?!) For i korpsa her er det snakk om mykje anna enn nett berre det å spele musikk. Korpset “vårt” er samansett av  fleire delar; eit ‘vanleg’ korps, eit “steel drum” orkester, ei eiga gruppe som trakterer tradisjonelle trommer og dansarar. Sjølv om det vi vanlegvis tenkjer på når det gjeld samspel i korps nok er viktig, vert lokale tradisjonar innvovne og tekne godt vare på. Her ‘lever’ heile korpset med.

 

Arbeidsløyse og fattigdom

Dei som er med i Shatterprufe Northern Eagles kjem frå ulike delar av byen Port Elizabeth, som ligg i Eastern Cape-provinsen. Dei unge kjem frå Bethelsdorp, Zwide, Kwazakhele og New Brighton, fortel Cilliers. Alle desse stadene er ulike bydelar, og dessverre eit av dei fattigaste områda i landet. Arbeidsløysa er stor. Heile 70% av foreldra der er utan arbeid i dag! Likevel fostrar området mykje god kulturverksemd, og musikarane herifrå har verkeleg markert seg.

 

Byggjande samspel

Sjølv om tilhøva rundt dei er heilt andre enn det dei er for dei vel 430 korpsaktive i Haram, har alle likevel noko avgjerande felles, -musikken og fellesskapen rundt denne. Sjølv med ein kvardag som nok hadde gjort dei fleste av oss modlause, så evnar desse ungdommame trass alt i finne artigheit i elendigheita og også å sjå fargane i alt det grå.  Her er livsglede og her er speleglede, og her finst opne sinn og armar, og her spelar ein verkeleg godt med dei korta ein har fått utdelt.

Field Band Foundation, og korpsrørsla i Sør-Afrika, har som mål å spreie speleglede og spelekunnskap, seier Retha Cilliers. Men i aktiviteten ligg og eit mål om styrkje sjølvkjensle og byggje opp under identitet, ein identitet som leid ilt under apartheid-styret.

Ungdommane i korpset i Port Elizabeth ser verkelg fram til å verte kjende med, og samspele på ulike felt, med korps-ungdommane i Haram, seier ho.

 

NMF og Field Band Foundation

Øyvind Storheim frå Norges Musikkorps Forbund (NMF) har nett vore i Sør-Afrika og gjesta folka i FBF. Han kan fortelje om stor glede over det initiativet som er teke i Haram, og at her bør vere mykje positivt å hente for begge partar. NMF, og norske myndigheiter, støttar aktivt opp under det positive arbeidet som FBF driv

 Heimeside på internett

For meir informasjon om Field Band Foundation, så finn du dette dersom du vitjar heimesida deira. Du finn dei på:

www.fieldband.org.za