|
Fjørtoft skulekorps
Fjørtoft skulekorps kjem frå øya Fjørtoft på Sunnmørskysten. Her bor omlag 300 menneske ute i havet, midt mellom Ålesund og Molde. Korpset rekrutterer besetninga si blant barn og unge på øya. Det er med 20 korpsmedlemmar frå 10 til 20 år, samt 10 aspiranter. Fjørtoft skulekorps har vore aktiv i 30 år. Men for nokre år sidan bestemte korpset seg for å gjere ein vri. Ein reformasjon er satt igang. Kystkultur-korpset Her på heimesida vil me fortelje om kva og korleis ein har arbeidd for å gje korpset og aktivitetene eit anna og utvida innhald. Me vil fortelje om å bygge. Å bygge identitet, kulturelt og personleg, å bygge samfunn og styrkje tru på eigne evner og verde. Me vil fortelje om å bruke ulike byggesteinar og materialer, samt ikkje minst å nytte det tilfanget ein alt har til rådvelde. Me vil fortelje om det å sette seg mål, om engasjement, tru og vilje. Me vil fortelje om kor viktig det er med eksponering, og det å søkje å oppnå positiv merksemd som ein mest mogleg kontinuerlig prosess. Me vil fortelje om det å ta ansvar, og om det å lære å ta konsekvensen av å gjere det motsette, men me vil og fortelje om den store verdien og rikdommen som ligg i entusiasme, vilje og samarbeid.
|