| Restaurering av gamle rosemåla gjenstandar er òg ein del av arbeidsfeltet til Turid. Gamalt håndverk som er i ferd med å gå tapt, blir gjennom denne prosessen igjen til verdfulle kulturskattar for dei komande generasjonar.
Med stor respekt for dei gamle meistrane sitt handverk, arbeider ho forsiktig og nøyaktig med mål å få produkta så genuine og ekte som dei opprinnelig var.

Vogge anno 1832. Før restaurering var vogga svært nedsliten og øydelagt i treverket. Likevel var det tilstrekkjelege haldepunkt i det resterande mønsteret til å hente opp den gamle dekoren.

Bileta gjev diverre ikkje eit rett fargeinntrykk.

Dette skrinet var tidlegare reparert i treverket. Fronten vart delvis rosemålingsrestaurert etter trereparasjonen. Målinga på loket på skrinet var heilt bortslite og vart heilrestaurert etter mønster frå fronten. Årstal ukjent.

Ambar frå Etne anno 1852. Ambaren hadde svært nedsliten dekor på lok. Dekoren på sjølve skroget var også nedsliten, men likevel tydeleg nok til å kunne rekonstruere tilnærma nøyktig.

Kiste anno 1843. Fronten på denne kista var så godt bevart at det med sikkerheit kunne fastslåast korleis det nedslitne loket skulle målast. Kista vart restaurert i 1985 og var Turid sitt første restaureringsobjekt.

Ause anno 1863. Ausa hadde svært nedslite mønster innvendig og utsida var delvis overmåla. Restaureringsobjektet fekk rosande omtale av antikvar i NRK TV. |