Fatland KreaForm
Hovudside | Om Fatland KreaForm |
Historikk
Rosemåling
Rosemålingsprosessen
Restaurering
Særoppdrag
Produkta våre
Premiar
Bilete
Detalj-bilete
Referansar
Her finn du oss
Kontakt oss
Prisar og produkt

Rosemålingsprosessen


 


Gjennom 26 år som rosemålar har Turid konsentrert seg om å utføra gjennomført kvalitetsarbeid.

Før rosemålinga tek til, skal ein lengre prosess gjennomførast. Først vert treproduktet behandla med kvistlakk, grunnmåla og sparkla. Deretter skal det pussast og grunnmålast tre strøk.

 

        

Fatet ovanfor ser du i patinerings- og laseringsprosessen.

Etter ferdig grunningsarbeid skal fatet laserast for å gje det særpreg. Allereide no byrjar kunstverket taka form, der roser og staffering er nøye planlagd for å få eit gjennomført godt produkt.

Alle produkt får sin eigen mønsterkomposisjon der form og storleik avgjer kva dekor det enkelte produkt skal ha.

   

        

Mønster blir skissa på med kritt for å få god balanse i komposisjonen. Hovudsveiven blir lagt på først og vidare dekor vert bygd ut frå denne.

I løpet av målarprosessen er det også svært viktig å få balanse i det totale fargeinntrykket. Samanhengen mellom dei grove detaljane og smådetaljane skal òg tilpassast einannan.

Siste hand på verket er overflatebehandlinga som gjer produktet brukarvenleg og slitesterkt gjennom generasjonar.

Når produktet er ferdig skal du sjå ei heilheit, der alt frå grunning, mønsterkomposisjon og fargeval skal smelta saman. Ein skal også finna mange små detaljar som gjev produktet ytterlegare kvalitetspreg.

 


Telefon:53 75 65 90 Telefaks:53 75 65 89 E-post:tefat@online.no