Fatland KreaForm
Hovudside | Om Fatland KreaForm |
Historikk
Rosemåling
Rosemålingsprosessen
Restaurering
Særoppdrag
Produkta våre
Premiar
Bilete
Detalj-bilete
Referansar
Her finn du oss
Kontakt oss
Prisar og produkt

Historikk


 


Fatland KreaForm er ei lita familiebedrift som starta i det små i 1980 av ekteparet Turid Helle Fatland og Edvard Skotte Fatland.

Turid har si utdanning frå 3 år på husflidskulen på Stord med fag innan saum og vev og 1 år ved rosemålingslinja på Sand i Ryfylke.

Edvard har fagbrev som møbelsnikkar frå snikkarlinja på Sand.

 

 

Turid målar sin første bolle.

Bedrifta har i alle år halde til på Kambe, der ekteparet utvida einebustaden med komplett verkstad for rosemåling og trevareproduksjon. Dette bidrog til at heile produksjonsprosessen kunne føregå i same lokale.

Dei første åra tok Edvard seg av viderebehandlinga av treråvarene. Han dreidde fat og bollar, designa og produserte ulike treprodukt som klokker, kister, skåp m.m.. Treprodukta vart grunnmåla og rosemåla av Turid, før dei vart overflatebehandla av Edvard.

Fra å vera to aktive i bedrifta, har Turid dei siste åra stått for størstedelen av verksemda åleine, då store delar av treproduksjonen i bedrifta no er overleten til andre produsentar. 

        


Telefon:53 75 65 90 Telefaks:53 75 65 89 E-post:tefat@online.no